Ved eit uhell fekk Reddit-brukaren eit bilete av ein optisk illusjon frå verkelegheita. Klarar du å sjå kva som eigentleg skjer på dette biletet?

Det minnar mest om eit M.C. Escher-bilete, situasjonen Reddit-brukaren zibin fanga med eit kamera. Arbeidarane som reparerer ei bru står på ein måte som ser ut til å vera heilt umogleg.

LES OGSÅ: Nesten ingen klarar denne oppgåva

Ved første augekast er det utruleg forvirrande å sjå på – litt som dei surrealistiske bileta til kunstnaren M.C. Escher, som mange kan kjenna igjen.

Relativity M.C. Escher

Relativity, av M.C. Escher

Så – kva skjer eigentleg på dette biletet i toppen? Om du stoppar opp litt ved det, kan du kanskje sjå det. Det gjorde i alle fall ein annan Reddit-brukar, MrDLTE3, som forklarte det heile med ei enkel skisse:

Det er med andre ord enklare enn det ser ut til. Liften som arbeidarane star i er vinkla på ein måte som gjer at du ikkje ser heilt kva som skjer ved første augekast – kranarmen går rett mot fotografen, markert på biletet med OP for «original poster», og er gøymd.

Er du like forvirra enno?

LES OGSÅ: Internett er splitta – kva farge har denne kjolen?

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE