Han har utruleg nok aldri knekt eit bein i kroppen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Utrulege krefter i sving

Saka var først hos Porten.no

Den 23. mai tar han steget ut frå kanten av Vettisfossen og opp stegen. Utan nokon form for sikring skal han henge og dingle 275 meter  over bakken.

– Eg skal balansere på ein stige eg har montert der oppe, så den vil lena seg litt utover kanten med den klare konsekvens ein blir med fossen dersom ein detter ned, seier Rønningsbakken medan han supar i seg kaffi, fullstendig avslappa.

Kanskje ikkje så rart. 35-åringen har dreve på med balansekunsten sidan han var fem år gamal. Etter å ha byrja på golvet, flytta han seg gradvis oppover. I dag har han balansert på dei mest spektakulære stadene i verda, no også Vettisfossen.

– Eg reiser heile verda rundt og balanserer, litt i Noreg, men mykje utanlands, og dei siste åra mykje i Kina. Men eg må seia at uansett kor eg reiser, er det få staden som kan måla seg med naturen i Noreg.

– Eg har vore på ein del ulike fossar, men dette frie fallet er det berre Vettisfossen som har i heile Europa. Dei andre fossane fell innom eit par punkt før dei når botn. Det er enormt og store krefter. 

LES OGSÅ: – Eg hadde 200 hjarteslag i minuttet

Nasjonalparkfestivalen
Rønningsbakken kjem til Årdal som ein del av Nasjonalparkfestivalen «Under Storen» neste helg. I helga var han i Årdal for å sjekke forholda og drive med førebuingar. Framleis er det snø på toppen, og med snøsmeltinga som er godt i gong, er det veldig sannsynleg at dei voldsomme kreftene han snakkar om er endå større når han utfører stuntet.

– Eg er klar og har allereie vore oppe og hengt i stigen eit utal gonger. Eg kjenner området og omgjevnadene. Det blir nok meir vatn der med smelting, seier han og fortel at han faktisk har hatt Vettisfossen i tankane ei god stund før denne moglegheita dukka opp. – Eg har jobba med Karl Seglem, og han nemnde Vettisfossen først. Deretter såg eg det på eit NRK-program, trur eg, og noterte det meg. Eit år etterpå tok Kristoffer Nystedt kontakt på vegne av programnemnda i Nasjonalparkfestivalen og lurte på om me kunne spela dette inn her. Då demra det for meg at dette hadde eg eit notat om på telefonen min og blei veldig interessert. 

Eskil Rønningsbakken vert intervjua av programleiar Aynuva Naman frå Kina.

Eskil Rønningsbakken er kjend i Asia, Sør-Amerika og Midtausten. Her vert han intervjua av programleiar Aynuva Naman frå Kina. Foto: Tor Orset og Aleksander Dario Nilsen.

Likar naturen i Årdal
I helga hadde han med seg ein gjeng som filma stuntet, slik at det bileta viser er han heilt åleine i naturen. Ein skal ikkje sjå vekk i frå at dette blir vist på kanalar som National Geographic, USA Today eller History Channel, der fleire av stunta hans er vist.

– Eg har aldri tvilt på kva eg vil bruka livet mitt på. Vettisfossen har blitt eitt av desse stoppa. Det er ikkje gitt at det berre blir med denne runden, men at eg kanskje kjem tilbake hit fordi her er det mykje meir å sjå på og ta i bruk, seier han og får Bøttejuvet spelt inn som ein stad å «risikere livet på».

LES OGSÅ: – Vi skikøyrarar er bortskjemde dritungar

Voldsomme krefter
Han er nok kanskje ueinig i den siste formuleringa. Han forklarar at dette på ingen måtte er eit sjølvmordsprosjekt – i så fall ville det vore eit veldig langsamt prosjekt, ler han litt tørt. Likevel, det er utrulege krefter i sving, ikkje berre i naturen, men også i kroppen hans.

– Utfordringa er både at det er rørsle og mykje lyd, og så er det ganske ekstreme øvingar eg gjer. Eg er nesten 190 centimeter og veg 85 kilo, og så skal eg strekka meg horisontalt ut frå ein stige, så det vil seia eit trykk på 145 kilo per arm.

– Det er slikt turnarar vanlegvis berre greier i nokre sekund på bakken, så skal ein gjera det 275 meter opp i lufta. 

Han ler tørt igjen, medan alle andre sit og gapar. Det vil seia, det ville dei ha gjort dersom det var andre tilstades. Det er ingen tvil om at dette er ein særdeles interessant type, som blant anna har opptrått for Saddam Hussein.

Rønningsbakken vaks opp i Stange kommune i Hedmark og fortel om ein aktiv barndom. Interessa for balansekunsten kom då han blei kjend med ein indisk munk som liten. Denne munken dreiv med yoga og kunne stå opp ned og på hendene. Ein ung Rønningsbakken blei veldig fascinert av måten munken kontrollerte kroppen på, og sidan har det gått slag i slag i 30 år.

Eskil Rønningsbakken på kaien på Årdalstangen.

Eskil Rønningsbakken meiner det finst meir interessante stader i Årdal som kanskje kan meistrast. Foto: Tor Orset og Aleksander Dario Nilsen.

Sat i fengsel
Slag i slag, er vel rette formuleringa. 35-åringen har opplevd litt av nokre slag i sitt liv. I 2000 var han utfor ei bilulykke der han køyrte på ein syklist som omkom. Rønningsbakken vart dømt for uaktsamt drap.

– Eg måtte i fengsel og i retten eit par rundar. Då må ein tenkja og sortera kva livet skal byggast vidare på. Den konsekvensen det hadde for syklisten skulle eg gjerne ha vore forutan, men når det først skjedde, var det ein nyttig prosess fordi eg byrja å definera kva mine verdiar skulle vera vidare, fortel han.

– Eg har vore i fleire grøfter og svingar enn dei fleste på min alder, og eg må vel seia at der eg er i dag, er eg glad for at eg fekk lov til å oppleva alt dette sjølv om eg kanskje kunne vore forutan noko av det for dei rundt meg og andre menneske.

Rønningsbakken seier han no lever livet 100 prosent. Han snakkar om eit avslappa forhold til døden samstundes som han er glad i livet sitt slik det er no. 

LES OGSÅ: Han skal få fleire ut i naturen

Mentalt og fysisk
Om under to veker skal han igjen stå på kanten av eit stup. Det fysiske som krevst har han allereie vore innom. Det mentale er minst like viktig når ein utfører slike stunt.

– Det finst mange turnarar som har eit høgt teknisk nivå, men som ikkje er i stand til å flytta øvinga opp i høgda. Der slår det mentale inn. Eg byrjar alltid prosjekta mine med å visualisera kva eg reint fysisk skal gjera, korleis det biletmessig ser ut. Deretter tek eg alt på bakken og øver der og flyttar det oppover. Då må ikkje det fysiske få gå frå det mentale eller omvendt. 

Bomulsmenn
Praten dreiar seg etter kvart inn på ei verd ute av balanse og menneske sitt forhold til omgjevnadene.

– Eg meiner at me er blitt tryggleiksfrikar, at ein gløymer å bruka hovudet. I arbeidslivet skjer det ulykker sjølv om ein er sikra i hovudet og ræva, seier han og oppmodar vaksne om å lata ungane folde seg fritt i naturen.

– Ein nullvisjon i alt me held på med er veldig unaturleg. Det kan gjerne vera ein flott visjon på papiret, men blir aldri ein realitet. Det er vanleg i oppveksten at ein slår seg på kneet eller detter ned frå eit tre. Då lærer ein farene å kjenne og respekterer dei. Og ein lærer å meistre. Tar ein vekk dette og lagar bomullsmenn av alle, trur eg me jobbar mot oss sjølve.

LES OGSÅ: Ekstremsport i tåka