El-ferjer meir lønsamt på 20 ferjestrekningar

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Her er el-ferjer meir lønsamt

På 20 av ferjestrekningane i landet vil det løne seg å byte ut dieselmotorar med straum, ifølgje ein ny rapport. Dei aller fleste sambanda er på Vestlandet.

På oppdrag frå Energi Norge har DNV GL analysert 52 strekningar med overfart på mindre enn ein halv time og berekna kor lønsamt det er å byte ut dei fossile ferjene med elektriske. Resultatet er at det ville vore lønsamt å byte til straum på 20 av dei, skriv Dagens Næringsliv.

– Rapporten viser at forholda ligg godt til rette ved ein god del ferjeanløp og er eit signal til ferjereiarlaga og dei som set ut anbod, seier Oluf Ulseth, sjef for Energi Norge.

LES OGSÅ: Vil starte miljøløft i Hordaland

Vestlands-ruter
I Møre og Romsdal gjeld dette heile åtte strekningar: Volda– Folkestad, Sykkylven– Magerholm, Årvik– Koparnes, Festøya– Solavågen, Hareid– Sulesund, Sølsnes– Åfarnes, Kvanne– Rykkjern og Halsa– Kanestraum.

I Sogn og Fjordane kan den første elektriske ferja i landet, som var sett i drift mellom Lavik og Oppedal på nyåret, få selskap av fleire på strekningane Isane– Stårheim, Lote– Anda, Fodnes– Mannheller og Leirvåg– Sløvåg på grensa mot Hordaland.

I dette fylket meiner DNV GL i tillegg det vil vere lønsamt å byte til elektriske ferjer på strekningane Breistein– Valestrandsfossen, Jondal– Tørvikbygd og Jektevik– Hodnanes.

Tre strekningar i Rogaland er også med på lista, Launes– Kvellandstrand, Andabeløy– Abelsnes og Lauvvik– Oanes.

LES OGSÅ: Elbilar er pengesluk for ferjeselskapa

Store kutt
Ulseth meiner el-ferjene vil vere eitt av fleire bidrag til å kutte utsleppa i transportsektoren, slik Noreg har forplikta seg til overfor EU. Dersom alle dei 52 ferjestrekningane blir erstatta med el-ferjer, vil det kutte 40 prosent av utsleppa frå alle innanlandske ferjer. Samla straumforbruk vil vere ein kvart terawattime, skriv DN.

Ifølgje viseadministrerande direktør Lars Jacob Engelsen i Norled, som har den elektriske ferja Ampere i drift mellom Lavik og Oppedal, er energikostnadane reduserte med nærare 85 prosent og innfrir forventningar. Men ferja var 25 prosent dyrare i innkjøp enn ei tradisjonell fossil ferje.

– Erfaringa med el-ferja er så langt god, men kva ferje som etter kvart blir mest konkurransedyktig, vil bli avgjort av ei rad forhold, seier Engelsen og viser til krav til utslepp, pris på alternativ teknologi, dieselprisar og batteriteknologi. (©NPK)