Mykje nysnø i høgfjellet i Sør-Noreg den siste tida har lagt seg oppå allereie rekordstore mengder snø. Når dette smeltar kan det bli dramatisk.

(NPK):
(NPK):

Mest utsette er områda på Vestlandet som vart ramma av 200-årsflaum i oktober i fjor.

– Sjansen for flaum har auka dei siste vekene, seier flaumvarslar og hydrolog Elin Langsholt ved Noregs vassdrags- og energidirektorat på Yr.no.

Det ligg over fire meter snø fleire stader i fjellet. Dei neste vekene skal snøen bli til vatn og følgje elvane mot havet. Det kan skje pent og pynteleg, men det kan også bli dramatisk.

– Vêret i smelteperioden er heilt avgjerande. Blir det både knallvarme og regn er det kritisk. Men det kan framleis smelte jamt og trutt utan at det blir nokon storflaum, seier Elin Langsholt.

LES OGSÅ: Desse er eit billeg vern mot ekstremvêr

Mest i sørvest
Det er Rogaland og Hordaland som har mest snø i forhold til normalen. Også i Sogn og Fjordane er det godt med snø, fortel hydrologen.

På Austlandet har snøen forsvunne jamt og trutt denne våren, og i låglandet er det bart no. I vassdraga som får tilførsel frå låglandet er det derfor liten sjanse for flaum dette året.

Langsholt tar derimot eit lite atterhald med tanke på vassdraga i aust som får tilrenning frå høgfjellet, som Glomma og Drammensvassdraget. (©NPK)

LES OGSÅ: FN: Heitebølgjer er klimakatastrofar

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE