– Vi diggar å vera rånarar, det er nice! Slik er rånekulturen.

Gro Anette Fanebust, Avisa Nordhordland
Gro Anette Fanebust, Avisa Nordhordland

Saka var først i Avisa Nordhordland

Bli med bak og sjå den loffen eg har då, seier Joakim Ask Kvingedal, og refererer for ordens skuld til det store eksosrøyret han har montert bak på BMW-en sin. Det nærmar seg kveld, og rånarane er på plass på sin faste plass nede ved skysstasjonen. 

Seks-sju bilar, som står så tett at rånarane må klyva ut vindauget eller takluka for å koma seg ut og ta imot bladfyken. Jungeltelegrafen har gått, og snart kjem dei sigande ein etter ein. Med høg Brum-Brum-faktor, sota og seinka, dunk-dunk som kjennast heilt ned i skosolane, og ei og annan, med ei søt jente i passasjersetet.

LES OGSÅ: Droppa fotball til fordel for motocross

Definisjonen på ein rånar er ein ung person, oftast ein mann, som høyrer til eit motor- og bilinteressert ungdomsmiljø og som driv råning. Det vil seie at ein køyrer bil for moro skuld, gjerne att og fram på korte vegstrekningar, eller ei «Stripe». Gjengen som samlar seg i Knarvik har ikkje noko imot å verte kalla rånar, som er avleidd av ordet råne, som faktisk betyr hanngris.

Vi diggar å vere rånarar vi, det er nice, seier Joakim, og gliser medan dei andre rånarane nikkar anerkjennande.

I bagasjerommet finn ein dunk-dunk anlegg som får det til å rista i skoa. Joakim Ask Kvingedal, Øystein Dybli og Håvard Myhr tester lyden.Foto: Gro Anette Fanebust

LES OGSÅ: Helge har Nordhordlands kulaste garasje

Tusenlappane flagrar
I Knarvik samlar rånarane seg på parkeringsplassen ved skysstasjonen når det er opplett. Regnar det samlar dei seg anten i parkeringshus eller på Shell Select. Her treffest dei for å vera sosiale, visa fram bilane sine, og for å imponera kvarandre, og jentene.

Det er viktig å sjekka kvinnfolk. Det gjeld å stå på fløyta til dei snur seg, anten tek du dei med deg, eller så let du sei gå, forklarar Thomas Borlaug (19). Han køyrer Audi A4 men drøymer om ein Scania 730. Rånarane mekkar sjølv, og det går mykje pengar på bil.

Det går vel 6000 kvar månad på bilen. Denne månaden rauk turboen, så då flagra det nokre ekstra tusenlappar, røper Joakim. Rånebilane er modifisert med alt frå fartsstriper, terningar og wunderbaum, til tunge musikkanlegg, blanke hjulkapslar og store spoilerar.

For oss er det parklys, tåkelys, wunderbaum og senking som tel, kan Thomas fortelja. Hans filosofi er at dersom ein har skikkeleg Audi, Lasse Stefans på anlegget og kvinnfolk i passasjersetet, då har du det du treng i livet.

LES OGSÅ: Foto og kule bilar er lidenskap for Andreas

Vi er ikkje «Bad Boys»
Lukta av bensin, diesel og lett svidd gummi blandar seg med lyden av «Bad boys» som strøymer ut frå anlegget til Joakim. Det plingar i telefonen til ein av rånarane, – Kontrollvarsel, varslar han dei andre. Rånarane synest dei får ufortent mykje merksemd frå politiet, og formidlar at dei eigentleg berre er greie gutar med ekstra lidenskap for bil.

Bilane våre bråkar gjerne litt ekstra, men vi gjer jo ikkje noko gale. Vi sig litt rundt, bestiller pizza på Melano, og preikar og ser på bilar. Politiet bør absolutt prioritera andre enn oss, seier Joakim, og får støtte frå dei andre.

Vi er vanleg ungdom som liker å køyra bil og vera sosiale. Vi bruker til og med sikkerhetsbelte Forsikrar Olav Jensen (18). Han fortel at råninga er ein sosial inngangsport, du veit kor du skal gå for å treffa andre.

Vi er absolutt ikkje bad boys, forsikrar Joakim, før rånarane trekk inn i bilane for å siga vidare. 

LES OGSÅ: Renate køyrer bilcross utan førarkort

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE