Unikt steinalderfunn på Svortland

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Gjorde unikt steinalderfunn

– Me har funne tre delar som utgjer omtrent halvparten av ei hakke framstilt av grønstein. Dette er ein skikkeleg godbit, som viser at ein har produsert større reiskapar enn økser av grønstein frå Bømlo, seier utgravingsleiar Trond Eilev Linge til Bømlo-nytt.

Linge meiner at steinaldermenneska som har budd ved denne buplassen har prøvd å hogga til ei dobbelthakke på nesten 50 centimeter. Han viser ei lita grønsteinsøks. Hakka er enorm samanlikna med øksa.

– Dette er det mest spesielle funnet eg har vore med på å gjera ved ei steinalderutgraving, fortel arkeologen.

Funna arkeologane har gjort, viser at det sør på Svortland har vore ein sesongbasert buplass. Det er ikkje gjort funn som indikerer fast busetnad.

– Dette er ein verkstadplass, fortel Linge.

LES OGSÅ: Kan ha funne 1300 år gamal gud

Trur glosene gjalla
– Noko har gått gale mot slutten av produksjonen. Kanskje trefte den som utforma hakka eit svakt punkt i steinen då skaftholet vart laga og hakka delte seg, undrar Linge.

Arkeologane har funne halve hakka, og vonar sjølvsagt å finna resten før dei pakkar saman, men tida er knapp skal dei greia det. Utgravinga vert avslutta i morgon, onsdag.

– Ei mest ferdig hakke som hamna i avfallshaugen! Du kan sjølv tenkja deg: Det er nesten som ein høyrer fleire tusen år gamle kraftgloser gjalla over lokalitetsflata når det skjedde, seier arkeologen og smiler.

Verdfull reiskap
Grønsteinshakka skulle truleg vidare som handelsvare gjennom bytenettverka som spreidde steinreiskapar frå Bømlo over store delar av Vestlandet nord til Sognefjorden, for over 7.000 år sidan. I det geografiske området til Universitetsmuseet i Bergen, som er Hordaland, Sogn og Fjordane og delar av Sunnmøre, er det berre funne 21 slike steinhakker, anten av grønstein eller kleberstein, før. 

– Det er sikkert funne minst 1.000 grønsteinsøkser, så dette var sjeldne reiskap, fortel Linge.

Det tyder på at dette var ein reiskap som var eksklusiv og prestisjefull, og fleire meiner at hakkene kan ha blitt brukt i rituelle samanhengar under steinalderen, opplyser arkeologen i eit blogginnlegg om dette funnet på www.norark.no.

LES OGSÅ: Steinalderen kan få nytt liv

Andre grønsteinsbrot?
Utgravingslokaliteten sør på Svortland ligg i det kommande bustadfeltet Svortland sør. Arkeologane har på dei vekene dei har vore i sving funne mykje grønsteinsrestar, som råstoffemne, økseemne og øksar av grønstein, men ikkje rhyolitt frå Siggjo. Grunnen er at svortlandsfunna er meir enn 7.000 år gamle, og då hadde rhyolittbrota på Siggjo enno ikkje komme i sving. 

Steinalderbustaden sør på Svortland låg fint til i eit lunt daldrag i botnen av ei gammal vik, då havet stod om lag 12 meter høgare enn i dag, fortel Linge.

Han held det truleg at grønsteinen dei har funne kjem frå Hespriholmen, men minner om at Svortland ligg eit godt stykke nord for dei mest naturlege ilandføringsstadene for denne steintypen, og arkeologen er difor ikkje framand for at ein del av funna kan stamma frå andre, enno ukjende grønsteinsbrot.

– Det blir spennande å sjå, når me ser nærmare på funna. Stein frå Hespriholmen, har karakteristiske gule linjer som er særmerkt for han. Me veit at det er eit lite brukt grønsteinsbrot på Siggjo, og det er også funne slike brot på Stord, fortel Linge.