– Staten leikar med maten

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Tilbodet til staten legg til rette for at landbruket skal sentraliserast og basera seg på kraftfôr med importert soya som øydelegg regnskogen i Brasil, i staden for å bruka eigne grasressursar over heile landet. Staten leikar med maten og mattryggleiken, og tar ikkje norsk matproduksjon på alvor, seier Gaute Eiterjord, 2. nestleiar i Natur og Ungdom, og held fram:

– Det må løna seg å produsera mat i Noreg på dei ressursane vi har. Det er òg heilt avgjerande med betre inntekt for å rekruttera ungdom. Når inntektsgapet til andre næringar er så stort, vel unge det som er sikkert. Staten bidreg til at inntektsgapet aukar med tilbodet sitt.

LES OGSÅ: – Eit hån mot norsk matproduksjon

Det vil òg vera dramatisk for det norske naturmangfaldet meiner Natur og Ungdom:

– Det fører til gjengroing til kulturlandskapet, som nesten halvparten av dei raudlista artane våre er avhengig av. Tilbodet til staten er ein katastrofe for det norske naturmangfaldet.

– No tek staten pengar frå kulturlandskapet, som best blir halde ved like av dyr på beite, og gjev det til klipping av vegkantar på Vestlandet for å gi betre utsikt for turistane. Det blir som å betala bønder for å ha på seg bunad, avsluttar Eiterjord.

QUIZ: Kva veit du om norsk landbruk?