– Respekter bandtvangen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Fjuken

Politiet ber hundeeigarar respektere bandtvangen.

Frå og med 1. april til og med 20. august gjeld den generelle bandtvangen her i landet. 

LES OGSÅ: Slik held du hunden frisk

– I denne perioden skal du ha hunden din i band, uansett, seier Gundersen. 

Dette er fyrst og fremst for å beskytta vilt i yngletida.   

– Hugs at det også finst folk som er redd hundar. Da er det ikkje særleg triveleg at det kjem ein laus hund bort til vedkomande etter vegen, seier lensmannen i Skjåk. 

Han fortel at sett på spissen, så kan ein faktisk risikere at ein laus hund må avlivast, sjølv om han ikkje går til angrep. 

Oppmodinga frå politiet er klar: Respekter bandtvangen. Hugs også at regelen for hundehald er slik at du alltid skal ha kontroll på hunden din, også utanom bandtvangperioden.  

LES OGSÅ: Hunden Fibi ammar katten Gerd