Millionar brukt på dataspel få kan bruka

Tre millionar blir øyremerka spelkjøp til norske bibliotek – men mange bibliotek har for dårlege maskiner til å bruka spela.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Pressfire skriv om «innkjøpsordninga for spel» – eit nytt tilbod som gir biblioteka tilgang til 17 norske spel, som biblioteka sjølv kan bestilla på heimesidene til Norsk filminstitutt (NFI), som står bak prosjektet.

LES OGSÅ: Bør norsken kuttast frå dataspel?

Prosjektet har møtt mange utfordringar – mellom anna at distribusjonen blir gjort digital, og derfor ikkje kan lånast ut til publikum så dei kan ta med seg spela heim.

Derfor, skriv Pressfire, må spela lastast ned og spelast på sjølve biblioteka – men mange av biblioteka har ikkje utstyret som trengst. Dei fleste bibliotek har maskiner som er laga for kontorarbeid, ikkje speling.

Bibliotekkonsulent hos Bergen offentlege bibliotek filial Oasen, Lasse Juan Cortes Jørgensen, har tru på prosjektet, men foreslår ei anna løysing til Pressfire – at brukarane får høve til å ha spela installert på eigne maskiner i ein avgrensa periode.

Hensikten med prosjektet er å støtta kvalitetsspel for vaksne, barn og unge, samt å styrka det norske spelefeltet. Nokre få bibliotek i Noreg er klare for å prøva ut ordninga – til dømes Deichmanske i Oslo og biblioteket i Fredrikstad – og det er 17 norske spel på lista.

LES OGSÅ: Speler data for Nepal

Faktaboks

Desse spela er med i innkjøpsordninga for spel:

Ditt eventyr

Elleville Elfrid

Elleville Elfrids sommereventyr

Elleville Elfrids vinterleker

Gametracer

Tainted Keep

Vennebyen

QuizDan

Vinter i Blåfjell

Bukkene Bruse

Teslagrad

Hokus Pokus Albert Åberg

Drømmefall: Kapitler

Kaptein Sabeltann på nye tokt

Shadow Puppeteer

Among The Sleep

Hogworld