Speler data for Nepal

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Eg trur definitivt mange har eit feil inntrykk av kva ein gamer er. Sjølv om ein speler data kan ein òg bruka det til noko fornuftig, seier Amalie Marie Reisvaag (18) som straumar dataspel under namnet «Proxyfox».

LES OGSÅ:  – Det var heilt vilt, og mange hadde panikk

Engasjert datamiljø
Ein gamer treng ikkje vera ein person som berre sit i kjellaren og speler data dagen lang.

Reisvaag, som er aktiv i AUF, er over snittet engasjert i internasjonale konfliktar og har tidlegare samla inn pengar til mellom anna Bolivia, Palestina og 22. juli.

Etter at ho på eige initiativ starta ein innsamlingsaksjon til jordskjelvoffera i Nepal, vart ho invitert med på ein større dugnad med fleire norske gamerar.

Initiativtakar Manveer Singh Pandherhar mellom anna fått med seg namn som Tor André «dubT» Løland Vatle, Sigve «Rushboots» Løndal, Maren «RCS crypix» Aune, Eric Pretzinger i Gamermag, Aposis Gaming, Celestial Gaming og gruppene CS:GO Norge, CS:GO Betting Norge og LoL Norge på Facebook.

Innsamlingsaksjonen på nettsidene til Redd Barnaer open i ein månad. Etter to veker har dei engasjerte dataspelarane kome omlag halvvegs til målet om 10.000 kroner.

LES OGSÅ: – Mange har det vondt no

Mange summar små
25. april i år vart store delar av Katmandu og Pokhara i Nepal lagt i ruinar etter eit jordskjelv som målte 7,9 i styrke. Det er det kraftigaste jordskjelvet som er målt i området på over 80 år. Over 8000 missa livet og området vert framleis råka av sterke etterskjelv.

Ifølgje UNICEF har 1,7 millionar barn i landet akutt behov for humanitær hjelp.

Reisvaag fortel om gode tilbakemeldingar på engasjementet og er imponert over kor mange som har valt å bidra. Når det nærmar seg 28. mai og enden på den månadslange innsamlingsaksjonen deira trur ho dataspelarane vil samlast ved skjermane for ein siste innspurt.

– Sjølv om det ikkje er så mange pengar, er det mange som ar delteke med det dei har. Det er ofte vanskeleg å samla inn pengar til slikt, spesielt blant ungdom sidan dei ikkje tener så mykje. Men det er fint når ungdom som er russ har valt å gje bort dei siste hundre kronene sine, tykkjer 18-åringen, som meiner pengemålet deira er realistisk.

Om dei ikkje når 10.000 kroner vil ho sjølv bla opp mellomlegget frå eiga lomme.

LES OGSÅ: «Herregud, ho er jo jente»

Internasjonal inspirasjon
Men samfunnsengasjerte gamerar er ikkje noko nytt eller særnorsk fenomen, det finst faktisk fleire gamerar som driv med veledigheit.

Den belgiske gamerpersonlegheita Bachir «Athene» Chiren Boumaaza har til dømes starta opp nettplattforma «Gaming For Good», der ein kan donere pengar til Saving the Children i bytte mot spel. Til no har dei samla inn over 20 millionar dollar til organisasjonen.

Initiativtakar til den norske innsamlingsaksjonen Manveer Singh Pandher (20) har latt seg inspirere av nettopp dette engasjementet.

– Han har jo gjort dette stort internasjonalt og det er kjekt å vise kva me i Noreg kan bidra med. Dette er første gong eg er med på noko slikt, og eg er veldig positivt overraska over kor mange som ville bidra, seier Singh Pandher.

Han var ikkje i tvil om at han ville hjelpe til då systera som har vore frivillig i Redd Barna i fleire år kom med ideen.

LES OGSÅ: Den nye folkesporten

Gamerar bryr seg
20-åringen er godt kjent med stereotypiane rundt gamerar som brukar konfirmasjonspengane på spel og sit framfor skjermen i hola si med snus og Red Bull.

– Me vil vise at me ikkje berre er desse snusfolka, men at me faktisk kan vere med å bidra me òg. Nokre kan bidra fysisk, medan me kan bidra online. Me kunne ikkje dratt ned der sjølv, så då er det fint å kunna støtta Redd Barna sitt arbeid, tykkjer Singh Pandher, som meiner at dataspelarar absolutt er meir engasjerte enn folk trur.

LES OGSÅ: Dataspel gir søkjarboom

Stor givarglede
Informasjonsleiar i Redd Barna Philip Crabtree rosar engasjementet til dei norske gamerar.

– Så vidt eg veit er det første gang norske gamarar samlar inn til Redd Barnas arbeid, skriv han i ein e-post til Framtida.

Nordmenn har opna lommebøkene for Nepal. Til no har Redd Barna samla inn 11,3 millionar kroner til det kriseråka landet, men òg andre organisasjonar har fått inn mykje pengar.

Desse pengane går til akutt naudhjelp og til å normalisere kvardagen for dei nærare ein million borna som no står utan skule.

– Det er eit enormt behov for akutt naudhjelp og det vil vere behov for attreising når jordskjelva og etterskjelva er over. Redd Barna har mellom anna brukt pengar på å kjøpa store klinikk-telt og senda dei med eit fly til Nepal. Pengane går til å kjøpa og dela ut vatn og mat, presenningar til husly, hygienepakkar og hushaldspakkar til familiar som søv ute på grunn av frykta for nye skjelv. Redd Barna har helseteam på bakken, me registrerer barn som er åleine og me opprettar trygge leikeområde for barn slik at dei kan få tilbake kvardagen og skulegangen så fort som mogleg, avsluttar Crabtree.