Slik får du ordna bunaden – enkelt!

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Porten.no

Mange svinsar rundt i sognebunad sydd av Marit Kjørlaug (63). På spørsmål om kor mange bunader ho har sydd totalt, er svaret hennar enkelt. – Eg har ikkje tal!

No gjev ho lesarar av Porten.no enkle tips til stryking av bunadsskjorte og pussing av bunadssølv. Me traff Kjørlaug medan ho tilpassa bunaden til Maren Beate Børresen (21). Børresen har hatt bunad sidan konfirmasjonen, og trivst godt i sognebunaden sin. 

– Det er flott med bunad! Det er stas å ha den på når ein ikkje brukar det så ofte, seier ho, og er glad for å få bunaden klar til 17. mai. 

LES OGSÅ: Redd for norsk bunadsproduksjon

Ikkje bruk hurtigløysningar
Kjørlaug rådar deg til å ikkje bruka lettvinte løysningar på verken bunadsskjorta eller sølvet. 

Bunadssølvet er oksidert og nokre metodar kan gjera vondt verre, og i verste fall gje ein kjemisk reaksjon med eit resultat som er langt i frå ei skinnande sølje. 

Kjørlaug nevner aluminiumsfolie som ein av verstingane. 

Legg ho i frysen!

Er strykinga av bunadsskjorta ein evig kamp? 

– Legg skjorta i ein plastpose og legg den i frysen i 2-3 timar, seier Kjørlaug. Dette gjer strykinga mykje enklare, og tipset gjeld både bomulls- og linskjorte. 

For å unngå at skjorta vert gul, skal den vaskast etter bruk. Det anbefalast å vaske den for hand i varmt vatn, rundt 40-50 grader.

Den skal dryppturkast, men ikkje strykast etterpå. Den skal oppbevarast mørkt, gjerne i ein plastpose eller inne i eit dynetrekk. 

Deodorant og parfyme er ikkje anbefalt, då dette kan øydeleggje bunadsskjorta til fleire tusen kroner.

– Då får ein heller lukta litt, smiler Kjørlaug.

Maren Beate Børresen er glad for å få bunaden ferdig til 17. mai

Maren Beate Børresen er veldig fornøgd med arbeidet Kjørlaug gjer og at ho får bunaden ferdig til 17. mai. Foto: Ingrid Nordbye-Antonsen

Blanke søljer
Ser du føre deg fleire timars arbeid med sølvpuss og tannbørste på dei finurlege snirklingane?

Bunadseksperten Kjørlaug har ein enklare metode. Det er ikkje gjort på einhalvtime, men på ein kveld er alt sølvet skinande og blankt.

Ha varmt vatn i ein plastikkbolle og tilsett ei teskjei zalo og ei spiseskjei med salmiakk. Vatnet skal dekke sølja. 

– For å ikkje skrapa opp søljene, legg berre ei og ei ned i vatnet, seier ho. 

Ho poengterar at det må vera ein plastikkbolle for best resultat. Lat kvar sølje ligge i vatnet i 5 til 10 minuttar, og vask dei deretter med ein mjuk svamp. 

Bevar sølvet
Om du pakkar inn alt sølvet i plastfolie etter bruk, held sølvet seg fint i fleire år. – Det er viktig at sølvet ikkje får tilgang på luft, for då vert det svart, fortel Kjørlaug. Det held ikkje å leggje sølvet attende i plastikketuiet som følgjer med ved kjøp. Ho anbefalar å pakka sølja inn i plastfolie før du legg den i boksen.

Ho rådar alle til å ha bunadsskoa i ein skopose for å bevare både sko og sølv, og i tillegg bruke bunadspose til bunaden. Då ligg alt til rette for ei enklare handsaming av bunaden neste gong. 

LES OGSÅ: Pimp bunaden din!