Vil skremma russiske ubåtar med homopropaganda

Svein Olav B. Langåker
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Skal skremma russiske ubåtar

«The Singing Sailor Underwater Defense System» er eit alternativt forsvarssystem for å stoppa ubåtåtak. Eit neonskilt med ein syngande sjømann berre iført ei kvit matroslue og underbukser er no sett ned i den svenske skjergarden.

Sjømannen sender ut morsekoden: «This way if you are gay».

På skiltet står det «Welcome to Sweden. Gay since 1944.» (året då Sverige legaliserte homoseksualitet).

LES OGSÅ: Transseksuelle får ikkje køyra bil i Russland

– Finst det ein ubåt der nede og viss det er nokon av mannskapet som høyrer eller ser sjømannen, er dei velkomne til å gå med oss i Prideparaden den 1. august i Stockholm. I tider med uro, er kjærleik og fred over grenser endå viktigare enn vanleg, seier Daniel Holking, kommunikasjonsansvarleg i Svenska Freds- och Skiljedomsföreningen i ei pressemelding. Det er organisasjonen hans som står bak det nye forsvarssystemet.

Forsvarsmakta stadfesta hausten 2014 at ein mindre ubåt hadde krenkt svensk territorium, utan at ein klarte å spora opp korkje denne eller ein ny ubåt som blei observert seinare på vinteren.

ARE KALVØ: Om den svenske ubåtjakta

– Billeg
Daniel Holking legg til at den syngande sjømannen berre kostar ein brøkdel av det som den svenske forsvarsmakta har brukt på leita etter russiske ubåtar.

Svenska Freds- och Skiljedomsföreningen er overtydd om at militær opprusting i seg sjølv bidreg til konfliktar. Dei er kritiske til forslaget til den svenske regjeringa om å rusta opp det svenske forsvaret med 10,2 milliardar svenske kroner.

– Om militære aksjonar og våpen hadde fungert som konfliktløysande metodar skulle det ha vore fred i verda for lenge sidan. Det kan kanskje oppfattast rart at ein fredsorganisasjon bruker ein provoserande sjømann som bodberar, men me vil oppmoda den svenska regjeringa til å tenkja nytt og legga forsvarsressursane på fredlega samarbeid og utvikling i staden. Det finst mengder av moderne døme i verda på korleis konfliktar kan løysast utan militær innblanding, seier Anna Ek, leiar i den Svenska Freds- och Skiljedomsföreningen.

Foreininga er verdas eldste fredsorganisasjon.

QUIZ: Prøv deg på den store krigsquizen vår!

Her blir forsvarssystemet sett ned i den svenske skjergarden: