Slik er det reviderte Statsbudsjettet

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Slik er det nye budsjettet

Det reviderte Statsbudsjettet vart lagt fram i dag, under ei pressekonferanse. Det er mellom anna prega av fallet i oljeprisen som byrja i fjor haust.

– Oljeprisen heldt fram med å falla gjennom hausten i fjor og fram til januar i år. Det blir antyda at prisen vil ta seg litt oppatt, men ikkje til gamle høgder. Fallet i oljeprisen betyr jo at me ikkje er fullt så rike som me trudde, men det meste av inntektstapet treff Staten, sa finansminister Siv Jensen under pressekonferansen i dag.

No skal bruken av oljepengane aukast med 5,1 milliardar, og totalt vil 2,6 prosent av Oljefondet sin kapital brukast. Det var ikkje den einaste endringa som kom i det reviderte statsbudsjettet som vart lagt fram i dag.

LES OGSÅ: Slik blir kommunebudsjetta endra

Meir frie midlar, men også fleire oppgåver.
Kommunalminister Jan Tore Sanner la fram kommunane sin nye økonomi i dag. Dei frie midlane for kommunane blir auka med nær 5 milliardar kroner, men med dei pengane kjem ein endring i demografien – fleire barnehagebarn og fleire pensjonistar – som kostar mykje meir for kommunane.

Saman med fleire oppgåver og utgifter for kommunane, samt ei inntektssvikt på rundt 1,3 milliardar kroner, betyr det at mange kommunebudsjett ser langt slankare ut i dag enn dei gjorde i utgangspunktet.

Nokre kommunar kan likevel sjå fram til meir å rutta med – Sanner vil lata kommunar med sterkt lokalt næringsliv sitja igjen med meir av selskapsskatten sjølv. Det er ei endring som vil bli innført i 2017.

No gir me meir
I det reviderte Statsbudsjettet blir det sett av meir til flyktningar. Talet på kvoteflyktningar med særlege medisinske behov skal tredoblast, frå 20 til 60, og me aukar støtta til Syria med 250 millionar kroner. No gir me totalt ein milliard kroner til Syria og nabolanda.

Dessutan skal det bli gitt 21 millionar kroner meir i bidrag for å betra flyktningsituasjonen i Middelhavet, og 50 millionar går til kommunale utleigebustader til mellom anna flyktningar. Leiar i KrFU, Emil André Erstad, meiner den auka bistanden er bra – men ikkje bra nok.

– Det er bra at regjeringa gir meir pengar – men dette er langt frå det nivået me bør ligga på for at bidraget vårt skal monna. Dette er den største krisa sidan andre verdskrig, og det viser seg ikkje att i nivået på hjelpa vår.

– Kva med tredoblinga av kvoteflyktningar med særskilde medisinske behov?

– Det er sjølvsagt veldig bra, men er framleis langt under dei 123 me avviste i fjor, seier Erstad.

LES OGSÅ: Vil gjera det lettare for arbeidslause

Ingen poseavgift, men dyrare straum
Den kanskje mest omtala avgifta i førre utgåve av Statsbudsjettet, var poseavgifta. Det skulle bli dyrare å ta med seg plastpose i butikken, slik at me på sikt skulle få ned forbruket av plastposar.

Den posten av regjeringa snudd på – og kompenserer no med eit lita auke i elavgifta for å få inn dei 300 millionane som var meint å komma inn med poseavgifta. Det gir deg litt større straumrekning – ein norsk heim vil få ein ekstrakostnad på rundt 100 kroner i året, har NRK rekna seg fram til.

Det er, også ifølgje NRK si utrekning, langt mindre enn kva poseavgifta ville kosta ein heim – opp imot 800 kroner, avhengig av forbruket.

Det passar dårleg med nye EU-reglar som skal innførast – der skal bruken av plastposar kuttast med 80 prosent.

LES OGSÅ: Poseforbruket må kuttast med 80 prosent

– Forspilte sjansar
I dette budsjettet vart det foreslått få endringar i Universitets- og høgskulesektoren. Tommy Aarethun, leiar av Studentparlamentet ved Universitetet i Bergen, skriv i ei pressemelding at han hadde håpa på meir.

– Heller ikkje denne gongen nytta regjeringa høvet til å auka studiestønaden eller til å bygga fleire studentbustader. Me hadde håpa på ei ny auke i studiestønaden og nokre studentbustader i revidert Statsbudsjett, seier Aarethun.

Det var også fleire andre endringar i dagens reviderte budsjett – sjå ei liste i faktaboksen.

LES OGSÅ: Denne vegen gir straum til ein heim

Faktaboks

Her er dei viktigaste endringane i det reviderte Statsbudsjettet:

1,1 milliardar kroner i ekstra frie inntekter til kommunane, men 1,3 milliardar i utgiftsauke

250 millionar kroner ekstra til bistand i Syria og nabolanda. Total bistand er no på 1 milliard

255 millionar kroner ekstra til ei rekke riksvegar

Eingongsavgifta for nye bilar skal aukast for bilar med høgt CO2-utslepp. Elbilar skal halda på avgiftsfordelane til 2017, og slepp eingongsavgift til 2020

129 millionar blir brukt på ei ny tiltakspakke mot terror

106 millionar skal brukast til å kjempa imot barnefattigdom

21 millionar kroner til flyktningsituasjonen i Middelhavet