Nynorskstipend til filmdistributør
Filmdistributør Stig Bjarte Brekke har fått 50.000 i stipend frå Noregs Mållag for å dubba eller teksta barne- og ungdomsfilmar til nynorsk.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Noregs Mållag deler kvart år ut to arbeidsstipend à kr 50 000. Føremålet med stipenda er å hjelpa fram gode prosjekt som kan fremja nynorsk på alle samfunnsområde. I år går det eine stipendet til filmdistributør Stig Bjarte Brekke. I vinter gjekk «Reisa til Fjørkongens rike» på norske kinoar med nynorske plakatar og vestnorsk talemål.
– Då eg såg filmen, kom eg til å tenkja på Kolbjørn Falkeid og Vestlandet, sa Brekke då han takka for stipendet.
– Slik kom ideen om berre å ha vestnorske dialektar i filmen. Då eg kom i kontakt med Nordub-studioet, og dei henta inn hovudrolleinnehavar Martin Svendsen Dimmen som eg kjende litt til frå NRK, vart eg heilt sikker. Filmen måtte distribuerast på nynorsk, og det var enkelt å få det til, sa Brekke.
Brekke driv det vesle distribusjonsselskapet Kontxt Film, som ynskjer å få gode nordiske barne- og ungdomsfilmar til norske kinoar. Stipendet skal nyttast til ei DVD-utgåve av «Reisa til Fjørkongens rike» og til å dubba eller teksta ein ny film til nynorsk.
LES OGSÅ: Reisa til dialektriket
Leiar i Noregs Mållag, Marit Aakre Tennø, understreka kor viktig dette arbeidet er.
– Brekke arbeider i spissen for ein bransje som er i ferd med å oppdaga det språklege mangfaldet her til lands. Det blir meir og meir dialekt i filmar og tv-seriar for dei yngste, men ingen gjer det så gjennomført som Brekke har gjort det med denne filmen. Ungar utanfor det sentrale austlandsområdet møter talemålet sitt på kino, og fleire ungar møter nynorsk uansett kvar dei bur. Brekke står i spissen for dette viktige målarbeidet, sa Tennø.
Stipendet vart delt ut hjå Noregs Mållag i Oslo.