Ivar Aasen-tunet i Ørsta lagar utstilling om reklamespråk og vil ha tips om kva uttrykk du brukar i daglegtalen.

Andrea Rygg Nøttveit

«Har du tatt for mye Möller's tran?» og «Det enkle er ofte det beste» er døme på reklameuttrykk som har snike seg inn i daglegtalen vår.

I juni stiller Ivar Aasen-tunet ut reklamespråket, men først vil dei ha hjelp av publikum.

LES OGSÅ: Trur nynorsken vil døy ut

Dialekt og engelsk i reklame
– Me veit om fleire døme på ord og uttrykk frå reklame som er komne inn i daglegtalen, men kva som blir sagt rundt om i heimane, er det umogleg å ha oversikt over. Difor treng vi fleire døme frå folk der ute, seier dokumentasjonsleiar Anders Aanes i ei pressemelding.

Difor oppmodar dei folk om å gå inn på nettsidene til Aasen-tunet for å fylle ut eit skjema og samstundes vere med i trekninga av premiar frå butikken deira.

Har du opplevd at slagorda i nokre reklamar umerkeleg har glide inn i daglegtalen din? Kva synest du om at det i større grad blir brukt dialekt i reklamar? Og kva med engelsk? Alt dette er utstillingsgruppa i Ivar Aasen-tunet interesserte i å vite meir om.

Temautstillinga om reklamespråk er nummer 31 i rekkja frå Nynorsk kultursentrum sidan opninga av Ivar Aasen-tunet i 2000 og kjem til å avløyse dagens utstilling om  «Askerkretsen».

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE