The Guardian: Største overrasking sidan 1945

Alt låg an til daudt løp i valet i England. No ser det ut til å bli ein braksiger for David Cameron og dei konservative.

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Britisk sjokkval

David Cameron sitt parti, Dei konservative, kan faktisk ligga an til å få eit fleirtal åleine, ifølgje dei siste målingane til BBC.

Labour har gått kraftig tilbake, og det same har Liberal Democrats, som i denne perioden har vore i koalisjon med Dei konservative. Samstundes har Scottish National Party gjort eit brakval – Skottland har omtrent blitt ein eittparti-stat, skriv The Guardian, som kallar valet den største overraskinga sidan 1945.

Cameron sjølv er openbart nøgd.

– Eg vil at partiet mitt, og eg håpar ei regjering eg skal styra, skal ta tilbake ein tittel me har mista. Ein tittel som ein nasjon, eit United Kingdom. Det er slik eg vil styra, om eg er heldig nok til å forma ei regjering i dei kommande dagane, sa han då resultata byrja å tikka inn.

 

TEST DEG SJØLV: Kva kan du om britisk politikk?

Den største utfordraren til Cameron var Ed Miliband. For han vart valnatta veldig annleis frå det han hadde håpa på.

Mykje av nedgangen til Labour, som ligg an til å gjera sitt dårlegaste val sidan 1987, kjem av den enorme oppslutnaden til Scottish National Party, som tok omtrent alle parlamentsseta til Skottland. Tradisjonelt har Labour gjort gode val i Skottland, men etter den sterke nasjonalistiske vinden i Skottland det siste året mista Labour fotfestet.

– Eg vil sei til alle i Skottland som har mista seta sine: Dette er eg veldig lei meg for, sa Ed Miliband då resultata kom inn.

No kan det bli ein kraftig oppvask i Labour, og Ed Miliband kan vera på veg ut, skriv Aftenposten.

LES OGSÅ: Kven er kven i britisk politikk?