Kvinnene får mest

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Fyrst av alt eitt atterhald: Dette er ein artikkel som prøver å skildra, og at ein skildrar, tyder ikkje at ein er for eller mot det ein skildrar. Det er tid for løns­kamp att, og kvart år får vi høyra det same: Kvinner tener berre 85 prosent av det menn gjer, og må difor få eit dramatisk lønshopp. Utestaden Postkontoret i Oslo gav den 1. mai kvinner 15 prosent rabatt for å markera nett dette. Line Oma, leiarkandidat for bydelsutvalet i Gamle Oslo for Arbeidarpartiet, tok initiativet til markeringa. «Jeg blir sjokkert hver gang jeg ser tallet: Kvinner tjener i gjennomsnitt 85 prosent av det menn gjør», sa Oma til Aftenposten.

Fagforeiningane, særleg dei i offentleg sektor, er samde: Det er for gale at vi har slike lønsskilnader i Noreg. Norsk sjukepleiarforbund og UNIO gjer kvart år difor framlegg om ein tiårig opptrappingsplan som skal gje låglønte kvinner i offentleg sektor 15 prosent ekstra lønsvekst utover dei ordinære årlege oppgjera. Ja, lista er lang over alle desse som påstår det ikkje er lik løn for likt arbeid i Noreg.

Ikkje heilt sant
Men heilt sidan vi fekk Likelønskommisjonen under leiing av Anne Enger Lahnstein, veit vi at påstanden treng ei kvalifisering eller to. Ja, menn har høgre utbetaling kvar månad, men det har menn mykje av di menn arbeider meir enn kvinner. I 2013 var den gjennomsnittlege faktiske arbeidstida per veke 37,0 timer (inkludert overtid) for menn og 30,7 timer for kvinner. Om vi ser på dei som tener aller mest, dei som arbeider mest, nemleg over 45 timer per veke, var det tre gonger så mange menn som arbeidde så lenge som kvinner. Størst er skilnaden i finanssektoren, der kvinner berre får utbetalt 75 prosent av det menn får. Men det alle undersøkjingar viser, er at di lenger du er villig til å arbeida per veke, di høgre løn får du. Dette er i grunnen naturleg: For di meir du gjer av ei handling, di flinkare vert du til den same handlinga.
Det ein òg ser, er at menn som arbeider like kort tid som kvinner, har mykje den same løns­utviklinga som kvinner. Det ein ser i tillegg, er at menn og kvinner som arbeider i låglønsyrke, har lik løn på tvers av sektorar. Om UNIO og sjukepleiarane fekk gjennomslag for eit kvinnelyft, ville det tyda at ufaglærde menn vil få lægre lønn enn ufaglærde kvinner. Også Likelønskommisjonen vedgjekk at det var lik løn for likt arbeid med lik arbeidstid i Noreg.

Det dei derimot fann, var at det var skilnad mellom offentleg sektor og privat sektor. I offentleg sektor er det knapt skilnader mellom menn og kvinner i løn per time, men i privat sektor kan skilnadene vera store. Men det er i hovudsak av di menn søkjer seg til sektorar med låg arbeidstryggleik. I byte for lett å kunna verta sparka vel dei yrke med lang arbeidstid og dimed større sjanse før høgre løn. Men dei vel òg yrke som gjev lite i tenestepensjon. Og om vi reknar med at pensjon er løn, så vert biletet eit heilt anna enn den vanlege 85-prosent-påstanden. For då gjer kvinner eit byks oppover.

Kvinner får mest pensjon
70 prosent av dei tilsette i offentleg sektor er kvinner, og offentleg sektor har noko svært få leng­er har i privat sektor, nemleg ytingspensjon. Ytingspensjon garanterer at ein får 66 prosent av bruttoløna i uførepensjon og alderspensjon, reelt sett 70 prosent sidan skattesatsane går ned når ein sluttar i arbeid. Dette er ei ekstremt dyr ordning for skattebetalarane. I gjennomsnitt gjev dette eit tillegg på løna i offentleg sektor på 16 prosent, seier KLP og KS; kommunane og staten må altså setja av 16 prosent av bruttoløna til pensjon. I privat sektor nyttar ein 4 prosent av løna til pensjonar. Om offentleg sektor fekk den same ordninga som dei fleste i privat sektor har, kunne ein altså ha gjeve dei tilsette i offentleg sektor eit lønstillegg på 12 prosent utan at staten og kommunane måtte ut med meir pengar.

Men staten og kommunane må faktisk setja av meir pengar til kvinner enn til menn i pensjon, dei må setja av nær 20 prosent av løna, dette av di kvinner lever fire år lenger enn menn. Kvinner i offentleg sektor får utbetalt litt over 250.000 kroner i pensjon årleg. Der får dei altså ein million meir i pensjon enn menn med den same årlege pensjonen. Men alle kvinner lever i gjennomsnitt fire år lenger enn menn, så dei som berre får offentleg pensjon (minstepensjonen frå NAV er 180.000 i året), får også samla sett langt meir i pensjon enn det menn får. I framtida vert føremonen endå større for kvinner sidan pensjonsforliket har redusert verdien av opptente pensjonspoeng. I røynda vert det liten skilnad på årleg minstepensjon og høgstepensjon frå NAV og dimed liten skilnad mellom menn og kvinner i årleg pensjon.

Kvinner tener meir
Tek vi med pensjon og seier at det er ein del av løna, får altså kvinner høgre løn for likt arbeid og lik arbeidstid enn menn. Det stoggar ikkje der. For skatt er også avgjerande for kor mykje du sit att med i lønspungen, eller som Audun Lysbakken sa i fjor haust: «Kutt i (…) toppskatt vil være å omfordele fra kvinner til menn.» Dette grunngav han med at redusert skatt vil vera å redusera offentleg sektor og offentlege overføringar – båe område har sterk kvinnedominans – og med at langt fleire menn betaler toppskatt enn kvinner. Dette har sjølvsagt Lysbakken heilt rett i. Men då må det gjelda andre vegen òg, at toppskatt er å overføra frå menn til kvinner. Tala er klåre: Tre av fire som betaler toppskatt, altså opp mot 50 prosent i skatt, er menn. Hovudgrunnen til at menn betaler mest toppskatt, er av di dei arbeider lenger enn kvinner og tek meir risiko for å verta oppsagde.

Men også menn som ikkje betaler toppskatt, betaler langt meir i skatt og avgifter enn kvinner, dette av dei menn arbeider lenger og har eit høgre forbruk av varer som er særs høgt skattlagde: bilar, drivstoff, alkohol og tobakk. Mykje av det som gjer at menn lever kortare og difor tek ut mindre pensjon, er det som gjev staten høgst inntekter. No finst det ikkje kjønnsdelte tal for indirekte skatt, men for direkte skatt betaler kvinner berre 54 prosent av det menn gjer. Tek vi med arbeidsgjevaravgift, betaler kvinner under halvparten i skatt av det menn betaler.

Sjuke kvinner
Men desse inntektene igjen er det i hovudsak kvinner som nyt godt av. Dei store utgiftene for velferdsstaten er trygder, helse og omsorg. Frå før har vi sett at kvinner samla sett får meir i alderspensjon, men dei får òg langt meir i sjukeløn og uføretrygd. Ja, somme kvinner får mindre i sjukeløn og uføretrygd enn menn når dei fyrst vert sjuke og uføretrygda sidan dei i snitt har lægre direkte løn, men langt fleire kvinner enn menn nyttar seg av helserelaterte trygder. 11,1 prosent av kvinnene mellom 18 og 67 er permanent uføre, 7,9 prosent av mennene. I tillegg kjem det at kvinner er nær 80 prosent meir sjukmelde enn menn. Om vi måler som del av den yrkesaktive folkesetnaden og nyttar SSBs definisjon, vert biletet endå meir skeivt: 70,3 prosent av menn mellom 18 og 74 er i arbeid, 65,0 prosent av kvinnene. Oppsummert: Færre kvinner arbeider enn menn, dei arbeider kortare, betaler inn mindre skatt, men hentar ut meir trygder enn menn.

Men om vi ser bort frå løn og trygder og konsentrerer oss om offentleg tenester, kva slags bilete får vi då? Jau, også der tek kvinner ut langt meir enn menn. Langt meir av inntektene til staten og kommunane går til tenester som kvinner nyttar seg av, enn menn. For offentleg sektor er vi dyrast når vi tek høgre utdanning, og – for å seia det rett ut – når vi er i ferd med å døy: Kvinner tek meir utdanning og nyttar mykje lenger tid på å døy enn menn.

Lite avkastning på utdanning
I 2014 var det 110.000 menn som tok høgre utdanning og 163.000 kvinner. No er det positivt at dei unge tek høgre utdanning, men det har òg ei kostnadsside. OECD måler verdien av utdanning gjennom avkastning for staten. Dersom utdanninga fører til klårt høgre løn, vil staten samla sett få inn meir skatteinntekter, men OECD har i hovudsak ikkje funne at utdanning av norske kvinner gjev avkastning for staten.

Men den aller høgste utgifta ved å leva kjem på slutten av livet. Dette ser vi på bruken av sjukeheimsplassar: 80 prosent av dei som får pleie på omsorgsinstitusjon, er kvinner. Ein sjukeheimsplass kostar 1,2 millionar i året. Om vi seier at dei som bur på sjukeheim, betaler 200.000 i året (i røynda er det nok mindre brukarbetaling), vert nettokostnaden for offentleg sektor, altså skattebetalarane, 1 million kroner i året. 80 prosent av desse utgiftene står kvinnene for.

Det er òg kvinner som utfører pleia. 95 prosent av dei som arbeider på sjukeheim, er kvinner. Heile auken i kvinners arbeidsdeltaking skjedde i røynda i eitt kort jafs. I 1970 var 45 prosent av kvinnene mellom 15 og 74 i lønsarbeid, i 1987 var det same talet 63 prosent. Marsjen inn i arbeidslivet for kvinner var i hovudsak ein funksjon av at eldreomsorg og barneoppseding gjekk frå å vera noko som gjekk føre seg ulønt heime til å verta lønt på institusjon eller i heimesjukepleia. Dette igjen førde til at skatten på inntektene til menn gjekk kraftig opp, medan kvinner gjekk frå å vera ulønte til å verta lønte av offentleg sektor. Men det auka neppe den samla velstanden i samfunnet i særleg grad.

Kvinner går til lækjar
Mykje av det same ser vi i bruken av helsetenester. Før var lækjarar menn som prioriterte mannelege sjukdomar; no er lækjaryrket i ferd med å verta eit kvinneyrke, og dei som nyttar lækjartenestene, er òg mykje kvinner. I aldersgruppa 45 til 64 går kvinner til lækjar 50 prosent meir enn menn.

Ein tentativ konklusjon er vel at kvinner er den store vinnaren både når det gjeld pengebruk og tenester. Det viser seg òg att i korleis kvinner røystar. Om det var opp til kvinnene, ville vi aldri hatt borgarlege regjeringar her til lands. Enkelt sagt: Den statistiske kvinna ser ut til å prioritera meir fritid, velferdstenester og helse, den statistiske mannen høgre løn her og no. Kvifor det er slik, skal vi ikkje ha ei meining om.

Til slutt: Ein vanleg påstand er at kvinner gjer langt meir ulønt arbeid enn menn, og at det difor er naturleg at det er store overføringar frå menn til kvinner. SSBs tidsbruksunder­søkjing syner at menn samla sett nyttar litt meir tid på lønsarbeid og husarbeid enn kvinner. Ja, kvinner tek meir husarbeid, men det kompenserer ikkje fullt for at dei berre er i lønsarbeid 6 timar per dag.

Les saka i Dag og Tid!