Bondeleiar: – Er det ein spøk?

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Reaksjonane på det statlege tilbodet blant dei tillitsvalde i Norges Bondelag og Norges Bonde- og Småbrukarlag er skarpe, fortel dei to leiarane Lars Petter Bartnes og Merete Furuberg til NTB.

Landbruksorganisasjonane gjekk torsdag ettermiddag i eit felles møte for å samordne reaksjonane på det tilbodet dei fekk frå staten tysdag denne veka.

I dag vart det klart at bondeorganisasjonane vil forhandla med staten om tilbodet. Forhandlingane startar laurdag og skal vere avslutta seinast 15. mai. 

LES OGSÅ: Aarebrot: Bøndene må få reell streikerett

Meint for narr?
Bøndene krev 950 millionar kroner i dette oppgjeret. Staten tilbyr tidelen, 90 millionar. I tillegg til at dei reagerer på den store avstanden, er bøndene imot fleire av dei grepa landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) foreslår.

– Ein ting er dette med pengane. Men jo meir ein les av teksten, jo fleire ting gjer at ein må spørje seg sjølv: Er dette gjort for å provosere, eller er det meint for narr? seier Furuberg til NTB.

LES OGSÅ: Staten tilbyr bøndene 90 millionar

Mannen med ljåen
Medlemmene hennar reagerer på at Listhaug vil bruke 20 millionar kroner på kulturlandskap samtidig som ho foreslår å redusere støtta til ku og sau.

– Ut med beitedyr og inn med mannen med ljåen, kallar eg dette, seier Furuberg.

Småbrukarlaget reagerer òg på forslaget om å kutte støtta til grøfting, mens det blir auka overføringar til kraftfôr.

– Det blir altså meir til dei som har dyra inne, mens effektiviteten i jordproduksjonen går ned. Det er heilt bakvendt. Det er utruleg at eit seriøst parti som Høgre kan vere med på slike ting, seier Furuberg.

LES OGSÅ: Listhaug: Pilene peikar rett veg for norsk jordbruk

Sterk frustrasjon
Bondelagsleiar Leif Petter Bartnes fortel om skarpe reaksjonar.

– Fylkesleiarane våre reagerer med sterk frustrasjon på at regjeringa ikkje tar omsyn til dei klare føringane frå Stortinget om mjølkekvotar, seier Bartnes til NTB.

Landbruksdepartementet vil halvere talet på regionar for kjøp og sal av mjølkekvotar, i dag 18 i talet. Bøndene viser til at Stortinget har sagt at ei eventuell endring er eit politisk spørsmål.

I tillegg reagerer medlemmene i Bondelaget på sjølve ramma, der det manglar 10.000 kroner per årsverk for å henge med andre grupper i dette oppgjeret.

– Vi kjenner trykket i heile organisasjonen, seier Bartnes. (©NPK)

Faktaboks

Jordbruksoppgjeret 2015

Norges Bondelag og Norsk Bonde- og Småbrukarlag krev ein auke på 400 millionar kroner i støtte og tilskot frå staten og rom for å hente inn 350 millioner kroner på pris – totalt 950 millioner kroner – i jordbruksoppgjeret.

Tilbodet frå staten har ei ramme på 90 millionar kroner. Det blir lagt opp til redusert støtte på 110 millionar kroner og auka matprisar på 190 millionar kroner.

Kravet frå bøndene svarer til ein lønnsauke på 24.200 kroner – der 8.000 er meint å minske avstanden til andre grupper. Tilbodet gir ein inntektsauke på snautt 6.000 kroner per årsverk. (©NPK)