KrF-ordførarar avviser éin av to flyktningar
Kommunar styrte av KrF seier nei til nesten halvparten av flyktningane staten har bedt dei om å busetje. Til helga kan partiet gå inn for å ta imot 10.000 til.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
KrF avviser flyktningar
Tal frå Integrerings- og mangfoldsdirektoratet (IMDi) viser at dei 17 kommunane her i landet med KrF-ordførar berre har sagt ja til å ta imot 452 av dei 828 asylsøkjarane staten har bedt dei om i 2014 til 2016. Dei 10.000 syrarane vil komme på toppen av dette, skriv Nationen.
LES OGSÅ: Noreg gir 750 millionar til Syria-offer
Ordførar Knut Støbakk i Giske kommune synest KrF bør tenkje over om norske kommunar vil klare å ta imot 10.000 syrarar.
– Dette blir ei kjempeutfordring for mange kommunar. Det sit allereie mange på asylmottak som har venta der lenge, og så skal det komme 10.000 til. Det er ikkje staten eller KrF som må gjennomføre dette, det er kommunane. Difor synest eg KrF bør tenkje seg om, seier Støbakk til avisa
Han får støtte frå KrF-ordførar Trond Arne Pedersen i Sokndal, som har sagt nei til fleire flyktningar i år og neste år.
– Eg trur alle i utgangspunktet har lyst til å hjelpe, men dersom vi tek imot nokre som krev oppfølging over lang tid risikerer vi å måtte kutte i skule- og omsorgstilbodet, seier Pedersen, som vil ha ein statleg garanti for fullfinansiering av flyktningar, også dersom dei skulle trenge meir hjelp enn venta.
– Vi har ikkje råd til store, uventa utgifter, seier han. (©NPK)
LES OGSÅ: Oslo best på busetting