– Ei sniknedlegging av næringa

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Saka var først publisert i Møre-Nytt. 

– Eg trur dei ser at det er rimelegare å kaldkvele næringa ved å kutte støtta, enn å innføre forbod, seier pelsdyr-veteran Steinar Nordang i Norangdal.

LES OGSÅ: Listhaug reagerer på pelsdyrdokumentar 

– Ikkje overraska, men skuffa
I staten sitt forslag til jordbruksoppgjer, er det forslag om å fjerne fraktutjamningstilskotet på fôr i pelsdyrnæringa. Dette sikrar like fôrprisar til alle farmar, same kor langt frå fôrkjøkenet dei er.

Nordang meiner regjeringa ikkje vil innføre forbod mot pelsdyravl, fordi det mest truleg vil medføre ei erstatningsplikt overfor oppdrettarane. 

– Eg er ikkje det minste overraska over dette, men eg er forferdeleg skuffa, seier han.

Gode prisar på skinn gjer at eventuelle kutt truleg ikkje fører til umiddelbare nedleggingar i næringa. Men konsekvensane på sikt kan bli dramatiske.

– Det blir ingen som tør å investere i utstyr eller utbetringar no, og det blir iallfall ikkje nokon som tør å starte opp i næringa ute i distrikta. Vi vil nok sjå at farmane blir sentraliserte rundt Trøndelag og Rogaland og Innlandet, der fôrkjøkena ligg, seier Nordang.

LES OGSÅ: Kommunar vil redda pelsen 

Nøgde dyrvernarar
–  Det er bra at Frp har innsett at det norske folk ikkje vil at skattepengane deira skal gå til å halde dyr i bur, og at dei gjer alvor om lovnadene sine om kutt i støtta, seier Siri Martinsen, leiar i dyrvern-organisasjonen NOAH, som reaksjon på regjeringa sitt forslag om å kutte fraktutjamningstillegget i pelsdyrnæringa.

Organisasjonen ønskjer at pengane som blir kutta, blir brukt til ei styrt avvikling av næringa.

– Vi vil at dei 30 millionane som blir gitt til næringa kvart år, blir brukt som omstillingsmidlar i høve avvikling av næringa. Vi håper Frp innser at befolkninga ikkje berre vil fjerne støtta til næringa, men også næringa i seg sjølv, seier Martinsen i ei pressemelding.

LES OGSÅ: Utval splitta om pelsdyrnæringa