Utval splitta om pelsdyrnæringa
Eit fleirtal i pelsdyrutvalet går inn for berekraftig utvikling av næringa. Eit mindretal tilrår derimot styrt avvikling.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Splitta om pelsdyr
Fem medlemmer i utvalet – utvalsleiar Anne Karin Hamre, Torstein Steine, Steen Henrik Møller, Hadle Nevøy og Camilla Kielland – går inn for berekraftig utvikling av pelsdyrnæringa. Dei meiner velferda for pelsdyra vil vere teken vare på dersom regelverket blir etterlevd.
Men saka har splitta medlemmene, og tre av dei – Sveinung Eikeland, Kathrine Ryeng og Guri Tveito – går inn for styrt avvikling. Desse er tvilande til om dyrevelferda kan takast vare på når rev og mink blir haldne fanga i nettingbur på små areal.
Eitt medlem, Marianne Olssøn, ønskte ikkje å gje noka tilråding om kva for eit alternativ politikarane bør velje.
LES OGSÅ: Listhaug reagerer på pelsdyrdokumentar
Høyring i vente
Utvalet, som vart nedsett i fjor, har hatt i oppgåve å vurdere berekraftig utvikling og styrt avvikling som to hovudalternativ for framtida til pelsdyrnæringa.
– Denne næringa er stadig oppe til debatt, og det er bra å få faktabasert informasjon å vurdere desse spørsmåla ut frå, sa landbruks- og matminister Sylvi Listhaug (Frp) då rapporten vart overlevert til henne måndag formiddag.
Ho vil ikkje vere med på at ei samla innstilling hadde vore betre.
– Eg synest det viser at dette utvalet er breitt samansett, du har fått fram begge synspunkt i denne diskusjonen. Det er i grunn veldig sunt, for dette er ei sak som har vore høgt på den politiske agendaen i mange år, seier Listhaug til NTB.
Listhaug vil no sende rapporten ut på høyring. Ho seier at ho ventar stort engasjement i høyringsrunden.
Etter høyringa skal regjeringa trekke ein konklusjon om framtida til næringa. Eit klart fleirtal på Stortinget har allereie vedteke å be regjeringa vurdere forbod mot pelsdyroppdrett.
LES OGSÅ: Vinn eller forsvinn for norsk pelsdyrnæring
Omstridd næring
Pelsdyrhald i Noreg er i dag lønsamt og konkurransedyktig internasjonalt. Men næringa er også svært omstridd, og slik vil det halde fram med å vere.
– Uansett kor strengt regelverk ein legg til grunn for dyrevelferden til pelsdyrhaldet, vil motstanden mot pelsdyrhald aldri forsvinne, sa Hamre då ho presenterte rapporten.
I tillegg er næringa utsett for svingingar i marknaden internasjonalt.
– Utvalet meiner det først og fremst er næringa sjølv som har ansvar for å halde oppe konkurransekrafta, sa Hamre.
Næringa får i dag rundt 35 millionar kroner i tilskot frå staten.
Dersom næringa skal bevarast, bør det ifølgje utvalet forskast meir på alternativ der det ikkje vert nytta nettingbur.
Utvalet meiner vidare at eit forbod mot pelsdyrhald i Noreg bør kombinerast med ei kompensasjonsordning. (©NPK)