Alt eg ville var å bli heterofil

Debatt
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Teksta er eit utdrag av ein kronikk som først var publisert i Bergens Tidende. 

Store delar av livet mitt har eg slite med dårleg sjølvkjensle. Eg har prøvd å gjere Gud nøgd på alle mogelege måtar, eg har prøvd å vere «ein god kristen». I ein periode var det einaste eg ville å bli heterofil. Eg tok det opp i kvar einaste bøn, i alt for mange år. Eg grein kvar dag, eg følte meg urein. På utsida var eg ein eksemplarisk kristen, på utsida kunne ingen sjå at eg hadde det vanskeleg. Eigentleg var det ikkje heterofil eg ville bli. Eg ville berre bli akseptert og elska for den eg er. Eg ville berre at den eg er skulle vere bra nok for Gud, bra nok for menneske rundt meg.

Då eg for vel eitt år sidan sa til nokon for første gong at eg er lesbisk, hadde eg for lengst slutta å be om å vere heterofil. Eg hadde for lengst funne ut at det ikkje har noko å seie kven ein forelskar seg i. Likevel tok det lang tid før eg aksepterte meg sjølv og opna opp det eg i mange år hadde prøvd å fortrengje.

LES OGSÅ: Framleis problematisk å vera open 

Å fortelje det til familien var verst. Dei meiner kjærleik berre skal delast mellom mann og kvinne, og det gjer framleis vondt å vite dette. Men familien min har lært, dei har lært å trø meir varsamt. Dei ønskjer meg berre det beste, det veit eg. Det var framandt og fjernt for dei, og dermed var det òg lett for dei å ha eit klart standpunkt på saka. Det er framandt for alt for mange, men dette må folk venne seg til. Desse klare prinsippa og standpunkta som eg vaks opp med, gav den svarte klumpen inni meg næring. Det var destruktivt, og det hadde potensial til å gjere stor skade.

Eg har aldri hatt behovet for å bere ei fane, men no gjer eg det likevel. For sjølv om eg kom godt ut av det, er det mange som enno slit. Mange som aldri «kjem ut av skapet», kanskje fordi dei kjenner seg skitne, skamfulle og syndige, slik som eg gjorde. Nettopp derfor skriv eg dette innlegget.

LES OGSÅ: Fleire besøkte utmeldingssida til Kyrkja 

Eg har ei oppmoding til alle: Tenk gjennom kva haldningar du fremjar blant folk, inkludert dine næraste. Vi lever i Noreg, i 2015, og omtrent kvar einaste homofile, kristen eller ei, vegrar seg for å kome ut av skapet. Vi må normalisere det å vere homofil, akseptere at ikkje alle passer inn i det «heteronormative idealet.» Det har ikkje noko å seie om ein føretrekker kvinner eller menn – kjærleik er kjærleik. Så ta vare på alle rundt deg.