Staten tilbyr bøndene 90 millionar kroner
Staten tilbyr bøndene 90 millionar kroner i jordbruksoppgjeret. Det er under ein tiandedel av kravet frå bondeorganisasjonane på 950 millionar kroner.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Bøndene får 90 millionar
Tilbodet frå landbruksminister Sylvi Listhaug (Frp) vil gi norske bønder ein gjennomsnittleg årleg lønnsvekst neste år på 1,75 prosent.
Tilbodet inneber reduserte overføringar frå staten på 110 millionar kroner.
Samtidig skal 190 millionar kroner hentast inn i form av auka matprisar. Det tilseier rundt 80 kroner i auka matbudsjett gjennom eit heilt år for ein gjennomsnittleg husstand, noko som er ei halvering av krava frå bøndene. (©NPK)