Alien-regissør lagar film om norsk svartmetall

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stjerneregissør får norsk motstand

Variety melder at Ridley Scott skal samarbeida med den svenske filmprodusenten Jonas Åkerlund om filmen «Lords of Chaos», basert på boka om svartmetallbandet Mayhem som markerte seg på mange måtar på 90-talet. Det skriv NRK.

LES OGSÅ: Blackpackers valfartar til Bergen

Mayhem er eit av dei mest kjende svartmetallbanda i Noreg, med ein utprega historie. Mest kjend er dei kanskje for Varg Vikernes, også kjend som Greven, som var med på fleire kyrkjebrannar i Noreg på 90-talet.

Vikernes vart og funnen skuldig for å ha tatt livet av gitaristen Øystein Aarseth, også kjend som Euronymous, som spelte gitar i Mayhem i lengre tid.

Før den tid var svenske Per Yngve Ohlin, kjend som Dead, vokalist i bandet. Han vart kjend for det han gjorde på scena – mellom anna å grava ned kleda sine fleire veker før konserten, for å få med «essensen av død». I 1991 tok han livet sitt med ei hagle, og vart funnen av Euronymous. Han tok eit bilete av det han såg, og biletet vart eit platecover på ei bootleg-utgåve i Coloumbia. Det har seinare blitt kåra til tidenes mest kontroversielle platecover.

Det er med andre ord nok av historie å ta tak i rundt Mayhem og norsk svartmetall – men Ridley Scott og Jonas Åkerlund møter motstand.

I eit intervju med Rolling Stone viser Mayhem-bassisten Jørn Stubberud, kjend som Necrobutcher, kor lite nøgd han er med filmplanane.

– «Lords of Chaos» er ei dritbok, og at nokon dumme svenskar skal laga film av den er ikkje greitt. Eg vil gjera alt eg kan for å stoppa denne filmen, sa Stubberud.

Det norske selskapet Motion Blur eig filmrettane til historia om Mayhem, og det kan setta kjeppar i hjula til Scott og gjengen. Likevel er planen å spela inn filmen i Noreg til hausten, med skodespelarane Rory Culkin og  Caleb Landry Jones på laget.

LES OGSÅ: Med svartebok klar for Inferno