Ein blir lett blasert når ein har levd såpass interessante og innhaldsrike liv som dei fleste av oss har levd. Likevel finst det framleis ting som overraskar oss skikkelig. Den siste veka har det skjedd to slike ting.

mm

Den eine tingen som overraska, var at Siv Jensen svarte nei på eit spørsmål om ho var overbevist om at klimaendringane var menneskeskapte. Dette sa ho i eit intervju med Aftenposten. Eg påpeiker det, fordi vi som skriv i avisa liker å påpeike at slike politiske sensasjonar ikkje kjem av seg sjølv. Dei kjem takka vere oss som skriv i avisa.

Seinare har Siv Jensen presisert at ho sjølvsagt trur det finst menneskeskapte klimaendringar, men at det også finst naturlig variasjon, og at ho prøver å ha eit nyansert syn på dette, og at ho ønskjer meir forsking, og at ho står på regjeringas politikk. Men likevel, då gitt.

Desse orda frå Siv Jensen har, etter reaksjonane å dømme, overraska og sjokkert både politikarar, miljørørsla og opptil fleire av oss som skriv i avisa.

Den andre tingen som overraska den siste veka, var at ein journalist i VGTV (Igjen er det altså vi som jobbar i avis som står bak, eg berre nemner det) ringde opp folk som skriv uhyrlige ting i kommentarfelt, og bad dei utdjupe synspunkta sine.

Igjen reagerte mange med sjokk og vantru. Dei som blei oppringt, for eksempel, blei visstnok forferda. Om ein kan komme til å bli møtt med motførestillingar berre fordi ein seier offentlig at det er fint om masse folk druknar, kva slags samfunn er det då vi har fått?

Men det var også andre som syntest dette var skikkelig dårlig gjort. Folk med høgare utdanning reagerte. Og nokre av oss som skriv i avisa reagerte. Det kan vere fordi vi som skriv i avisa har såpass lite omgang med vanlige folk, at vi trur det er dei som skriv i kommentarfelta som er vanlige folk. Og vi veit ikkje korleis vi skal snakke med vanlige folk, så vi ville aldri turt å ringe dei. Vi har ein fast gjeng vi ringer, og vi veit stort sett kva dei svarer. Det er trygt.

Og det var også derfor det var så sjokkerande, dette med Siv Jensen. Ho er ei av dei vi kan ringe, og så veit vi stort sett kva ho svarer. Dei fleste politikarar på såpass høgt nivå er det. Derfor var det så sjokkerande at det viste seg at ein partileiar som sitt i regjering faktisk kanskje meiner omtrent det same som ein del av veljarane hennar meiner. Med litt rundare formuleringar, sjølvsagt, og innanfor rimelegheitas grenser. Men likevel: Det er sjokkerande.

Det er som om ein av dei raudgrøne statsrådane frå Sosialistisk Venstreparti i si tid skulle sagt offentlig at han er sosialist. Og medlem i eit venstreparti. Og mot kapitalismen.

Når vi spør ein leiar og statsråd frå FrP om ho er overbevist om at klimanedringane er menneskeskapte, så ventar vi jo ikkje at ho skal svare «Nei.»

Kva skjedde med «Ingen som har lese vårt program, kan vere i tvil om…»

Kva er gale med «Vi står naturligvis på det regjeringspartia og samarbeidspartia blei einige om…»

«Nei!?»Vi har ikkje oppfølgjjngsspørsmål til slikt. Og det forvirrar oss.

Viss politikarane no skal begynne å meine omtrent det same som veljarane sine, og seie det høgt, då er vi ute og køyre. Kven skal vi ringe då? Når vi ikkje eingong kan stole på at topp-politikarar  svarer som dei alltid svarer?

Skal vi begynne å ringe veljarane deira då?
Det er jo vanlige folk. Og dei veit vi jo ikkje korleis ein snakkar med.

Ikkje har eg nummeret deira heller.


Først publisert i Aftenposten 2. mai.

Les fleire Are Kalvø-tekstar her!

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.01
ANNONSE