Isak Viktorsson Arnfjørd (17) er ein av få mannlege pole fitness-utøvarar og skulle gjerne hatt med seg fleire.

mm

– Det er ein del venninner som har spurt om eg kan opptre for dei på 18-årsdagen. Eg trur dei ser for seg noko litt anna enn det det er, smilar Isak Viktorsson Arnfjørd (17).

Det vart nei, fordi han er oppteken av å fjerne imaget pole har blant folk som forbinder det med stripping. 

LES OGSÅ: Trendy å ha personleg trenar 

UKM-sensasjon
Islendingen, som no er busett på Sørlandet, har fått mykje merksemd etter at han i mars deltok i UKM med pole fitness, som han kallar det.

Det er første gong pole har vore representert i UKM, og førre helg deltok han i fylkesfinalen.

– Det var ikkje like skummelt andre gongen. Første gongen var eg veldig nervøs, noko som er ekstra skummelt sidan det ikkje er bra å vere klam i hendene, minnast Isak.

Heldigvis finst det kalk mot slikt.

Framtida møter han på Elixia i Kristiansand – der han i september i fjor såg ein lapp om eit nybyrjarkurs i poledancing. Fordi ein ekskjærast hadde trent pole, var han ikkje framand for tanken og vart fort bitt av basillen.

Sidan den gong har han trent på stengene i senteret omlag to gongar i veka. 

– Eg får nye utfordringar heile tida, det er ikkje så repeterande som til dømes fotball. Eg set meg heile tida nye mål og mykje av det er skummelt, slik at ein får opp adrenalinet, forklarar 17-åringen, som tidlegare har drive med både break dance, parkour og free running.

– Mentalt er det litt likt, fordi ein bruker kroppen på nye måtar.


Erfaringa frå break dance kjem godt med i pole sport. Isak trener med fast stang, men likar at det roterer på scena. 

LES OGSÅ: – Meir godtatt at jenter trener styrke 

Stenger til verda
Han får mange reaksjonar på hobbyen. Nokre er litt skeptiske i starten, men dei fleste tykkjer det er kult eller morosamt. Mange forbinder det framleis med strippeklubbar, men treningstrenda pole fitness eller pole sport er no i ferd med å ta verda med storm.

– Då eg byrja hadde dei problem med å få fulle kurs, men no er det førstemann til mølla, forklarar Isak, som sjølv har fått prøva seg som hjelpeinstruktør.

Aleksandra Matusiak , styreleiar i det nyoppstarta Noregs Pole Sport Forbund og dagleg leiar i Sometimes Pole Studio i Oslo kan bekrefte den aukande interessa.

– Det var til dømes ei auke i både søkjarar, utøvarar og publikum under NM i år i forhold til i fjor. 

Det har òg blitt starta opp fleire pole studio og talet på sertifiserte instruktørar har auka det siste året, forklarar ho i ein epost til Framtida.no.

Fordi medlemsmassen i hennar eige studio har auka med 20 prosent det siste året, er dei no nøydd å stoppe inntaket eller utvide lokala.

Kvinnene går i bresjen, men menn er òg i ferd med å klatre opp i stanga – i alle fall ute i verda.

Matusiak reknar med at det finnast rundt 300-400 aktive poleutøvarar i Noreg, og at kring ti av desse er menn.

For å få inspirasjon ser Isak ofte på Youtube-filmar av russiske utøvarar, der sporten er stor blant menn. Han tykkjer han nesten har fått urettvist mykje merksemd, sidan det trass alt var mennlege utøvarar i Noreg før han. .

Dei to åra NM har vorte arrangert har Jorge Lera, som har delteke i «Norske talenter» teke sigeren i klassen Elite Men. Berre fire mannlege utøvarar stilte opp i NM i år.

LES OGSÅ: – Eg var sjukeleg overvektig 


– Denne har på ein måte vorte varemerket mitt, fordi eg fekk det til med ein gong, smilar Isak før han hoppar opp i stanga.

Konservative foreldre?
I Kristiansand er Isak den einaste mannlege utøvaren, så vidaregåandeeleven har reist til Oslo for å trene med noregsmeisteren.

 – Er det forskjell på å trene med jenter og gutar?

– Ja. Jenter vil gjerne sjå fine ut, medan gutar vil at det skal vere maskulint og tungt. Eg jobbar mykje med å finne min eigen stil.

I tillegg til å vere mann, skil Isak seg ut med sin unge alder. Han er truleg ein av dei yngste i Noreg som driv med sporten, dei fleste er i 20-åra.

– Det er nok framleis mange som har litt konservative foreldre, difor er det mest vaksne som driv med det, trur 17-åringen.

LES OGSÅ: Me sveittar meir enn før 

God trening
Isak har enno ikkje gått til innkjøp av stang heime, men mistenkjer at han kanskje får det til 18-årsdagen av storebror. Veslebroren mistenkjer at den eitt år eldre broren eigentleg har lyst å prøve seg, men kvir seg for å melde seg på eit kurs. Han er neppe åleine.

– Mange trur nok ikkje dei er sterke nok, eller har nok erfaring. Men det er god trening. Eg trente lite og sat helst inne og spelte data, men no merkar eg at eg har vorte sterkare – spesielt i kjernemusklaturen, reklamerer den unge idrettsmannen. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00
ANNONSE