Skal du gå i tog i dag?

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ja, eg trur det. Det er kanskje todelt. Du har dei som ikkje er så aktive, som utgjer kanskje halvparten, og resten er veldig aktive. Dei som ikkje er så aktive som ungdom, dei blir det seinare, seier Richard Storevik, leiar i Fellesforbundet sitt ungdomsutval.

Ung bølgje
– Me såg til dømes ved regjeringsskiftet at ein flaum av unge arbeidstakarar organiserte seg og jobbar med dette. Folk får auga opp for kor viktige det er å organisera seg, legg han til.

Han trur det er veldig viktig at me framleis engasjerer oss for ein dag som 1. mai.

– Eg vil sei det er veldig viktig i 2015 å markera ein så viktig dag med tanke på regjeringa me har og dei varsla endringane i arbeidsmiljølova som minner oss om ei fortid me ikkje vil tilbake til.

Han siktar til endringane i arbeidsmiljølova som opnar for fleire midlertidig tilsette, lengre arbeidsdagar og meir søndagsjobbing. Spesielt punktet om midlertidig tilsetjing, er Fellesforbundet kritiske til. I den nye arbeidsmiljølova er fast arbeid hovudregelen, men det blir generell adgang til midlertidig tilsetjing.

– Utfordringa er å halda på strukturane me har i dag, med lærlingar og kompetansebygging som me har gjort. Med midlertidige kontraktar får ikkje unge arbeidstakarar den same kompetansen like fort som før. Eg er redd dei blir fanga i midlertidigheit, seier Storevik.

I den nye arbeidsmiljølova, som vart lagt fram i mars, får arbeidstakarar rett på fast jobb etter tre år, mot fire år i dag. Sveinung Rotevatn (V) var med på å forhandla fram avtalen. For han var det viktig å redusera lengda på midlertidigheit.

– Venstre er nøgd med at det blir opna for ein generell adgang til midlertidige stillingar, men det er viktig at me har fått gjennomslag for at makslengda på midlertidige tilsetjingar blir redusert frå fire til tre år, sa Rotevatn til VG då den nye lova vart lagt fram.

LES OGSÅ: – Klasse er ikkje lenger like viktig

– Det viktigaste er organisering
Richard Storevik i Fellesforbundet har eit klart råd til dei som ikkje vil bli fanga i midlertidig tilsetjing.

– Det viktigaste er å organisera seg og ikkje mista motet, samt å vera i ei sterk fagforeining. Hjelp aktivt til med fagpolitisk arbeid for å skifta ut regjeringa og dei endringane som dei eventuelt kjem med, seier han.

Også leiar i Fagforbundet Ungdom, Christina Beck Jørgensen, meiner det er viktig å markera 1. mai.

– 1.mai markerer dagen for det som har vore, kampane me har vunne, men også kampane me manglar. Norsk arbeidsliv er ikkje perfekt enno, og me har framleis ein jobb å gjera. Me må heller ikkje ta noko for gitt. Det me har no kan forsvinna om me ikkje jobbar for å halda på dei, seier Jørgensen, og trekk fram endringane i Arbeidsmiljølova som eit døme på dette.

For ungdom meiner ho den største utfordringa kjem allereie før ein går ut i arbeidslivet.

– 1 av 3 elevar får ikkje lærlingplass. Me ser også at det er mange som ikkje får faste og heile stillingar i Noreg. Det vil føra til at ein kanskje ikkje torer å sei ifrå om noko er gale når ein først har fått ein fot innanfor.

Ho har ei klar oppmoding til under arbeidssøkjarar.

– Som ung arbeidssøkjar i dag er det lett å mista håpet om å få jobb, men det må ein ikkje gjera. Noreg og samfunnet treng kvar einaste ein av oss unge for å få samfunnet til å gå rundt.

I fjor auka talet på fagorganiserte med 1,9 prosent. Rundt 93 prosent av dei fagorganiserte i Noreg ligg under LO, YS, Unio eller Akademikerne. Både Fagforbundet og Fellesforbundet ligg under LO.

LES OGSÅ: Skuldar arbeidarrørsla for faktafeil

– Avskaff fridagen!
Det er mange som framleis har sterk tru på at det er viktig å markera 1. mai. Mellom anna har Åse Kleveland laga ein ny fanesang for dagen.

Men ikkje alle er einige. Leiar i Framstegspartiets Ungdom (Fpu), Atle Simonsen, meiner dagen er utdatert.

– Arbeidarane sin dag har utspelt rolla si. Det er ingen kampdag lenger, seier Simonsen i eit intervju med Nettavisen.

Han meiner stadig fleire brukar dagen på å pynta i hagen framfor å gå i tog, fordi me allereie har verdas beste arbeidsrettar. Han presiserer likevel at det ikkje er markeringa av sjølve dagen han er imot, men at det skal vera ein offentleg fridag.

– Eg meiner at ein framleis må få lov til å feira 1. mai, på same måte som kvinnedagen. Det er ein viktig dag for nokon, men eg tykkjer ikkje at det treng å vera ein offentleg høgtidsdag der alle blir tvungne til å ta fri på ein dag dei gjerne ikkje har noko forhold til, seier Simonsen til Nettavisen.

LES OGSÅ: Historia bak «Til Ungdommen»

– Frp på lag med arbeidsfolket
Statssekretær i arbeids- og sosialdepartementet Kristian Dahlberg Hauge meiner det må vere opp til kvar enkelt korleis dei vil markere 1. mai.

– For min del, synest eg  det er viktig å heidre alle arbeidarane som står på kvar dag for å halde Noreg i gang. Frp er på lag med arbeidsfolket og jobbar for gode kår for vanlege arbeidsfolk, skriv Frp-aren til Framtida.

Han meiner at dei aller fleste arbeider under gode og forsvarlege arbeidsforhold i Noreg og at dei fleste unge arbeidstakarar vil møte eit arbeidsliv som er trygt og fleksibelt, og som gjev den enkelte arbeidstakar gode moglegheiter for utvikling.

– Det er likevel viktig at den enkelte som er ny i arbeidslivet gjer seg kjent med sine rettar og plikter. Det er til dømes alt for mange unge arbeidstakarar som ikkje får ein arbeidskontrakt med avtale om arbeidstid, forklarar Dahlberg Hauge.

Han ser òg at ein i nokre delar av arbeidslivet finn uordna forhold og mange useriøse verksemder, noko myndigheitene jobbar mot.

Springbrett inn
Statssekretæren forsvarar den omdiskuterte endringa med generell tilgang til fleire midlertidige tilsettingar med at det kan fungere som eit springbrett inn i arbeidslivet og fast tilsetting.

– I dag er det mange som står utanfor arbeidslivet. Regjeringa vil gjere det lettare å kome inn på arbeidsmarknaden slik at fleire får en sjanse til å vise seg fram. Det bidreg til at den enkelte får erfaring og kompetanse, skriv Dahlberg Hauge, og peikar på at i den norske arbeidsmarknaden går mellom halvparten og to tredelar frå midlertidig til fast tilsetting i løpet av to år.