NM-gull for søppeloppfinning

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne veka  har dei 158 beste ungdomsbedriftene frå heile landet vore samla til NM for Ungdomsbedrifter i Lillestrøm. Etter to dagar med presentasjonar var det Trashlock UB frå Spjelkavik videregående skole i Ålesund som stakk av med den gjevaste prisen for beste ungdomsbedrift.

– Det er ikkje til å legge skjul på at det har vore svært mykje arbeid. Når me no står att med gull i noregsmeisterskapet, føler me likevel at det har vore verdt strevet, seier dagleg leiar Iver Myklebust i ei pressemelding frå Ungt Entrepenørskap.

LES OGSÅ: Livreddande refleksvott gav NM-gull 

EM i Berlin
Juryen var imponert over korleis bedrifta har teke utgangspunkt i norske forhold og identifisert eit reelt problem.

Ungdommane har hatt god hjelp av lærar Frode Røyset, mentor Øyvind Tørlen og lokalt næringsliv.

Industribedrifta Karlsberg, Ålesundregionen interkommunale miljøselskap ÅRIM, og innovasjons- og industridesignselskapet Inventas er blant partnarane til ungdomsbedrifta.

«Gjennom godt samarbeid med lokalt næringsliv har dei teke fram eit produkt frå A til Å, og gjort seg erfaringar på alle verksemdsområde for ei typisk bedrift. Juryen let seg spesielt imponere av deira raude tråd av profesjonalitet i alle ledd og korleis dei visualiserte konseptet på ein humoristisk og tiltalande måte i presentasjonen», heiter det vidare i grunngjevinga.

Prisen vart delt ut av arbeids- og sosialminister Robert Eriksson. I tillegg til beste ungdomsbedrift fekk Trashlock UB 3.plass i kategorien beste seljar og beste oppleving på nett.

No skal bedrifta representere Noreg under EM i Berlin i sommar, noko dei fem sunnmøringane er svært motiverte for.


Dette møter publikum på nettsidene til Trashlock. Skjermdump

LES OGSÅ: Slik skal det pendlast mindre 

Silekasse for daudfisk
Andreplassen gjekk til Westtip UB frå Eid vidaregåande skule, som mellom anna har utvikla ein silekasse for daudfisk til bruk i opprettsnæringa. Sjølv om førsteplassen glapp kunne Westtip reise heim med seks ulike prisar, mellom anna for beste yrkesfaglege bedrift, innovasjon og størst verdiskapingspotensial.

Tredjeplassen gjekk til Nordisk Kalesje UB frå Kragerø videregående skole, som har utvikla ei kalesje til bruk over rullestolar med slagordet «Deltakelse og verdighet i all slags vær».

Desse er berre nokre av dei over 11.000 vidaregåandeelevane som har hatt ungdomsbedrift dette skuleåret. Det er elevane sjølv som har ideane, startar opp og driver bedriftene med rettleiing frå lærar og ein rettleiar frå næringslivet.

Bedriftene vert registrert i Einingsregisteret som eigne juridiske einingar.

–  Me veit ikkje kva me skal leve av i framtida, men me veit kven me skal leve av. Elevane som driv Ungdomsbedrift får ei unik erfaring som dei sjølv, deira framtidige arbeidsplassar og Noreg vil nyte godt av. Fleire unge må få denne moglegheita, seier fungerande direktør i Ungt Entrepenørskap Noreg Tor Kåpvik i pressemeldinga.