Skulen der alle lærer teikn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i bladet Sunnhordland. 

Sjuåringen har nedsett høyrsel. Han er ein racer til å lesa på leppene og har god hjelp av høyreapparat. Som utanforståande kan det vera vanskeleg å oppfatta handikapet til den blide guten.

 – Om natta. Dersom nokon vil vekkja meg. Då høyrer eg ingenting, fortel Remi Nes (7), som har teiknspråk som førstespråk på skulen.

TA QUIZEN: Kan du teiknspråk? 

Løyser teikn-nøtter
Denne dagen har 1.–4. klassingane på skulen aktivitetsdag med poster på Solid-banen. Oppgåvene på fleire av postane er på teiknspråk. 21 pluss fire viser teikna.

Susan Rea Mathisen har ikkje problem med å finne svaret. Ho går i klassen til Remi på 2. trinnet, og dei er skulens «teikn-ekspertar».

– Me har lært oss dagar og månader, tal, alfabetet, fortel kontaktlærar Jenny Sætre Skjønberg.

Ei gruppe har komme fram til ein annan post. Her er ein vanskeleg «nøtt». Dei skal lesa teikna og komma fram til songtittelen «Jeg gikk en tur på stien».

– Det er gøy med teiknspråk. Då kan me snakka med dei som er døve, seier 4.-klassingen Camilla Risnes.

 – Og så kan me snakka igjennom eit vindauge, seier Jenny Sætre Skjønberg.

LES OGSÅ: – Ikkje ver redd for døve! 

Gode på oppvekstmiljø
– På Hunstad skule er det kjekt. Der er det flinke på teikn. De er flinke i Sagvåg også, seier Remi, som heller vil snakka om kven som er den største guten i klassen, og om bestefaren som skal laga ein fin kniv til han når han blir litt eldre.

 – Det er klart at me har ikkje noko å stilla med mot spesialskulane når det gjeld teiknspråkkompetanse. Men det me er gode på er oppvekstmiljø, forklarar rektor Lars Bakka.

 Skulen er ein av tre skular og ein barnehage på Vestlandet som gjennom eit pilotprosjekt har testa ut korleis det er å lære teiknspråk til alle barn og tilsette. Bakgrunnen er at Utdanningsdirektoratet ønskjer å auke statusen til teiknspråket, som er eit offisielt språk i Norge.

LES OGSÅ: Vil ha teiknspråk valfag 

Språkfokus
– Me snudde opp ned på problemstillinga. I staden for å ha fokus på at me hadde ein spesiell elev, så hadde me fokus på at me ynskte at elevane våre skulle læra dette språket. Det er ein verdi for elevane. Heile klassen, og skulen har lært seg teikn. Desto nærmare eleven dei er, desto større kunnskap har dei, seier Bakka, som får sin andre høyrselshemja elev til hausten når veslebror til Remi, Preben (5) byrjar i 1. klasse.

 – Det er klart at me ofrar noko. Med eit så lite miljø så blir me til dømes utsett dersom dei som har spesialkompetanse blir sjuke, seier Bakka.

LES OGSÅ: – Å ikkje høyre noko, kan vere behageleg 

Vera konkret
Han fortel at dei har fått gode tilbakemeldingar på prosjektet.

 – Me ser at konkretisering, som ein gjer i teiknspråket, er noko som styrkar lese- og skriveopplæringa, seier Bakka.

 Han er oppteken av at teiknspråk ikkje skal vera noko som er stigmatiserande.

 – På ein vidaregåande skule opplevde dei at ungdom brukte teiknspråk på diskotek. Det blei det nye partyspråket, seier Bakka.

 Kari Larsen er rettleiar i Statped og den som følgjer opp teiknspråkopplæringa på Sagvåg skule.

– Ei morosam historie hos oss er at me på ein avslutning hadde sunge fleire songar med teiknspråk. Det var først då me gjekk heim at me kom på at Remi ikkje var på skulen den dagen. Det illustrerer at teiknspråk ikkje er noko som berre er knytt til denne guten, men heile klassen og skulen. Det er blitt ein naturleg del av det me gjera, seier Bakka.

 – Dette er eit veldig spennande prosjekt. Ein tenkjer annleis og implementerer teiknspråket i heile skulen. Det som er spesielt her er at ein har fokus på språket og at det kan vera av verdi for elevane, seier Larsen.