– Eit grønt skifte kan utvide næringsgrunnlaget

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Nådde oljetoppen i 2001

Saka var først publisert i Vikebladet. 

– Det eg snakkar om i dag er det grøne skiftet som er på gang, og det er spanande på fleire måtar. På ein måte er det delvis drive fram av oljeindustrien sjølv, fordi høge prisar på olje har ført til at ein også har gjort ein del forsking på andre energikjelder. Samstundes er det ikkje tvil om at klimaendringar byrjar å påverke oss, og det har heilt klart vore med på å drive fram dette grøne skiftet som vi no ser.

LES OGSÅ: – Omstillinga må starte no 

Det fortel Thina Saltvedt som er sjefsanalytikar innan makroøkonomi og olje i Nordea Markets. Tysdag var ho i Ulsteinvik for å snakke om det store oljeskiftet.

– No er det ei stor einigheit om at vi må gjere noko, det er jo også det store klimaåret i år. Også i Norge må vi gjere noko for å tilpasse oss. Det som er litt spanande er at vi faktisk nådde toppen for oljeproduksjon i 2001, og det som har bidrege til at vi har hatt så høge oljeinntekter er at prisen har vore på topp. Skal vi halde fram med å få så store oljeinntekter som vi har hatt, og oljeproduksjonen fell, noko den vil gjere, så tek vi eit kjempeveddemål på at oljeprisen skal ligge høgt, så sant vi ikkje også tenkjer på nye ting vi kan leve av.

Saltvedt legg til at det kan hende ein vil sjå ei auke i oljeprisen, men at ein må byrje å sjå etter ny inntektskjelder, sidan det vil vere å ta ein svært stor risiko å satse berre på oljeinntektene.

LES OGSÅ: Her er verdas grønaste økonomi 

Tenkje nytt
– Kanskje er det då naturleg å tenkje på at vi er supergode på å lage energi. I oljeindustrien har vi folk med svært høg teknisk kompetanse, vi har folk som er svært innovative og kreative, og det er all grunn til å vere stolte av det vi har gjort, men korleis kan vi bruke det vi allereie kan for å tenkje nytt?

Saltvedt fortel at oljeprisane har falle for mykje, men at dette truleg ikkje vil påverke produksjonen før om to til tre år. Då kan få ein større opptur i oljeprisen, før den truleg vil stabilisere seg rundt 80 dollar fatet.

– Det er det nye nivået oljeselskapa må ta omsyn til, seier ho. Det vil også seie at når oljeselskapa skal setje i gang nye prosjekt så er det dette prisnivået dei må ta inn over seg.

– Særleg når ein får auka konkurranse frå billaga land som til dømes Iran.

Etter ti år med det Saltvedt kallar ei bonanza-tid for oljeselskapa er det no naudsynt å setje eit mykje større fokus på kostnadar.

– Dei som kjem godt ut av dette, to år med veldig tøffe tak, det er dei som klarar å omstille seg. Dei vil også vere meir konkurransedyktige.

LES OGSÅ: – Fornybart er ikkje berre reinliva 

Eit grønt skifte
– Kva brukar vi olje til? Nesten 55 prosent er til transport, og der har vi ikkje hatt noko særleg konkurranse. Vi har hatt ti år med aukande oljeprisar og framleis blir det nesten berre brukt olje, men det vil ikkje vare evig.

Saltvedt seier at ein no ser komande endringar, spesielt fordi kostnadane ved å utnytte mellom anna sol- og vindenergi fell kraftig.

– No byrjar dei å verte konkurransedyktige også utan subsidiar. I tillegg byrjar prisen på bilbatteri å falle kraftig og då har ein plutseleg konkurrentane inn på marknaden.

Nordea-analytikaren fortel at det ikkje berre er snakk om elbilar, sjølv om Norge er leiande på akkurat det området.

– Vi ser det første flyet som går rundt jorda på solpanel, på Sognefjorden har ein ei elektrisk ferje og her køyrer ein på gass. Det vil kome alternativ når oljeprisen har vore så høg, for då prisar ein seg ut av marknaden og det blir brukt pengar til forsking og utvikling av alle område.

– Dette er også noko som vi ser frå investorane vi jobbar mot. Det blir eit krav om at dei vil ha fond og plassering som tek omsyn til det grøne skiftet som er i ferd med å skje, fortel Torodd Helland.

Saltvedt legg til at det er noko Nordea også satsar på.

– Vi har ei eiga avdeling som ser på dette med ansvarlege investeringar.

LES OGSÅ: – Skognæringa har enormt vekstpotensial 

Teknologioverføring
Med ein industri i Møre og Romsdal der mykje er påverka av olje så vil ein få eit par år som blir svært tøffe, men Saltvedt seier at det er dei som driv med rein oljeproduksjon, og då spesielt Stavanger-regionen som vil ha størst problem med å omstille seg.

Med dagens låge oljeprisar er ein inne i ei svært tøff periode for mange bedrifter, og Saltvedt meiner denne tunge perioden vil vere tøff både i 2015 og 2016.

– Det blir to tøffe år. Omstilling skjer ikkje over natta. Etter kvart vil det balansere seg.

– Ser vi på andre ting, teknologioverføring og på å tenkje nytt, så har ein allereie byrja på det her i fylket. Flytande oljeriggar kan til dømes brukast til å lage flytande vindmøller. Boreteknologi brukar ein no til å bore etter geotermisk varme.

Saltvedt har også fått med seg at eit av dei nye skipa Kleven skal bygge, med design frå Marin Teknikk, skal brukast til mineralutvinning på havbotnen.

– Teknologioverføringa kan gje mykje spanande til dette fylket. Her er mykje verftsindustri og shipping. Desse sektorane viser allereie at dei er tilpassingsdyktige og at ein har gründertankegang, samt høgskular som bygger opp under det. Då kan ein vere med på dette grøne skiftet til å utvide næringsgrunnlaget til industrien i regionen, meiner ho.

Ifølgje Saltvedt bør vår region ha gode føresetnadar for å vere med på det grøne skiftet.

– Ein har kompetansen. Ein sit på mykje teknologi som ein er leiande på og det kan gje mange nye, spanande mogelegheiter, utan at ein skal vekk frå olje og gass, for det kjem framleis til å vare i mange år. Ein treng noko i tillegg, og det er veldig spanande.