Tvilar på menneskjeskapte klimaendringar

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

I tvil om klimaendringar

Siv Jensen får spørsmål om klimaendringane i intervjuserien til Aftenposten, «Stanghelle & Eilertsen: 2 mot 1» – og svarar at ho sjølv ikkje er overtydd om at klimaendringane er menneskjeskapte i ein runde med ja- og nei-spørsmål.

På oppfølgingsspørsmålet om ho er i tvil om at klimaendringane er menneskjeskapte, er svaret «ja».

LES OGSÅ: – Kan drita i å snakka meir om togradersmålet

Lenge ville ikkje Siv Jensen utdjupa kommentarane, skriv Aftenposten. Men seint tysdag kveld kom ein oppfølgingskommentar.

– Eg vart for unyansert i svaret mitt og ønskjer ikkje å starta ein debatt om dette. Frp har slutta seg til å styrka klimaforliket og har tenkt å følgja opp det i arbeidet vårt i regjering, seier Jensen ifølgje Aftenposten.

Utsegna har fått mange reaksjonar, mellom anna på Twitter:

 

LES OGSÅ: – Noreg kan bli klimasinke