– Mange har det vondt no

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Hallingdølen

Odd Hoftun og Nepal er to sider av same sak. 
For då han reiste til landet i 1958 i misjonens teneste, vart det starten på eit 38 år langt arbeid som har gjort han til både folkehelt og æresborgar. Han har også vorte dekorert to gonger av Nepals konge. Han var med på å bygge opp industri og næringsselskap – og han bygde ut vasskraft. Og det er det som verkeleg står att etter han i Nepal.

Ikkje uventa
88-åringen er oppvaksen i Ål. I dag sit han heime på Gjeving i Tvedestrand og følgjer med på nyheitene frå eit jordskjelvråka land. 
Inntrykka er sterke. 
– Eg følger med, men opplever jo det heile på avstand. Dette er dessverre ikkje uventa, det har vore spådd i lang tid. Dessverre har det ikkje vore førebygd bra nok, seier han. 
Han held seg også oppdatert gjennom dei mange han kjenner i Nepal. Frå dei får han fyrstehands informasjon. 
– Eg har kontakt med mange. Det strøymer inn med rapportar. Mange har det vondt no. Men det kunne også gått endå verre. Dette skjedde på dagtid då folk var ute.

Uframkommeleg land
I meir enn 50 år har han engasjert seg for Nepal. 
Få kjenner landet så godt som han. No er han oppteken av gjenoppbygginga og nødhjelpa som er sett inn. 
– Det er eit uframkommeleg land å arbeide i. Dårlege vegar gjer det tungvint og vanskeleg. Dette kjem til å ta tid, seier Hoftun og peikar på dei mange landsbyane som er råka. 
– Dit kjem dessverre hjelpa for seint. Men dei vil trenge hjelp på sikt, og no ser eg endeleg at flyet frå Norge har kome også, seier Hoftun.
– Det er eit vanskeleg hjelpearbeid på med øydelagt infrastruktur?
– Ja, men det er ikkje så ille som det vart antyda fyrst. Nokre hovudvegar ser ut til å ha klart seg betre enn frykta. Men fleire stader har det jo vore nokre veldige ras.

Kraftverka står
Midt oppe i katastrofen som rammar millionar av menneske, tyder rapportar på at kraftverka Hoftun bygde opp er uskadde. 
Gjennom ei rekkje vasskraftutbyggingar skaffa han straum og vatn til fleire hundre tusen menneske. 
– Så vidt eg har høyrt ser kraftverka ut til å ha klart seg bra. Dei ligg for det meste i fjell. Men kraftleidningane er det verre med, seier Hoftun. 
Det er fire år sidan han besøkte Nepal. Han trur ikkje det blir fleire turar no. 
– Men kjenslene er sterke for landet, seier Odd Hoftun.

LES OGSÅ: – Det var heilt villt, og mange hadde panikk