Emil André Erstad prioriterer familie og studia, og går av som leiar i KrFU til hausten.

Det melder KrFU i ei pressemelding.

– Ikkje alle er så heldige at dei får leda landets beste og mest idealistiske ungdomsparti. Det har eg fått gjera i to år no. Eg har fått møta engasjert ungdom i alle fylker, fått vera med på å forandra norsk politikk og deltatt i mange viktige debattar om menneskeverd og nestekjærleik, seier Erstad.

No skal familien og studia prioriterast, samt ei bok om syriske flyktningar. For sistnemnde fekk han støtte frå Fritt Ord tidlegare i år.

Han går av under KrFU sitt landsmøte i midten av oktober. Før det skal ein valkamp gjennomførast.

– No ser eg fram til eit fylkes- og kommuneval der KrFU skal gjera eit godt val. Etter at eg gir meg kjem eg til å bruka engasjementet mitt på andre måtar, mellom anna ved å skriva bok om ein av dei største katastrofane i vår tid, seier Erstad.

LES OGSÅ: Set Jesus framføre familien

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE