I sommar skal Martin Notøy Nevstad (22) og Christoffer Remøy Endresen (23) sykle 5500 km til inntekt for Barnekreftforeninga. Målet er å samle inn ein million kroner.

Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet
Ingvild Aursøy Måseide, Vikebladet

Saka var først publisert i Vikebladet.

Startskotet går i Oslo fredag 19. juni. Dei syklar så nordover mot Nordkapp, via Lofoten. Der skal dei snu og vende sykkelen mot Lindesnes via Vestlandskysten. Når dei kjem til Lindesnes vil dei sykle tilbake til Oslo.

LES OGSÅ: – Sykkelen er ein døropnar

Har med kameramann
På turen skal dei ha med seg ein eigen kameramann som skal filme og dokumentere heile turen sånn at alle kan følgje med via sosiale medium. TV2 har også sagt at dei ønskjer å følgje turen og vil vise innslag under årets Tour de France-sendingar.

Christoffer R. Endresen sykla Noreg rundt også i 2010, då han samla inn ein million kroner til Kreftforeninga.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

Kommentarar

ANNONSE