Rekordpåmelding til Flåklypa Grand Prix
Over 450 køyrety er påmeldt til Nord-Europas største veteranbilløp i Gudbrandsdalen.


Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Rekord for Flåklypa Grand Prix
Saka var først publisert i Fjuken.
Fristen for å melde seg på Flåklypa-løpet går ut den 1. mai, og tysdag ved høgst dag denne veka var 454 køyrety påmeldt årets veteranbilløp. Det fortel løpsleiar Ane Skamsar.
– Dette er ny rekord. I fjor var det påmeldt 435 køyrety da fristen gjekk ut 1. mai, seier løpsleiaren.
LES OGSÅ: Gjenopplivar «Ta sjansen»
Laurdag 30. mai arrangerer Jotunheimen Veterankjøretøyklubb det som har vorte Nord-Europas største veteranbilløp, for 24. gong i Lom og Skjåk. Flåklypa Grand Prix er meir populært enn nokon gong. Da fyrste løp gjekk av stabelen i 1992, var det 122 startande.
Slik blir løypa i år:
Nordal camping, solsida opp til Flåklypa i Bøverdalen, baksida attende til Lom sentrum, Rv15 til Ånstad i Skjåk, Reppen, Rv15 til Skamsarbrua i Bismo, Jøingsli til Dønfoss, Rv15 austover att til Skamsarbrua i Bismo, Lundagrenda, og Rv15 attende til Lom og målgang på Nordal camping. I løpet av turen skal deltakarane gjennom fem postar med ulike oppgåver.
LES OGSÅ: Flåklypa-film vart mest sett i 2013