På plakaten til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen står fleire filmar laga av studentar. Det gir unike resultat – her er fem filmar det er verd å få med seg.

Den Norske Dokumentarfestivalen blir arrangert i Volda denne helga. Me har allereie presentert seks filmar frå programmet som festivalleiinga tilrår å sjå, anten du kjem deg til Volda eller ikkje.

Men ei spanande side ved Dokfilm, som festivalen blir kalla, er at den er studentdriven kvart år. Studentane i bygda samlar seg rundt førebuingane til festivalen og sikrar eit arrangement som held på eit godt rykte.

På Dokfilm-programmet står det også ein del filmar laga av studentar. Det gir heilt unike resultat, meiner programansvarleg Hilde Blakstad.

– Finansiering, fullstendig kompetanse og teknisk utstyr er i stor grad avgrensa i slike filmar. Samstundes kan studenten sjølv ofte velja heilt sjølv kven, kva og kor i filmen. Dette gir eit spennande utgangspunkt for idé og gjennomføring, seier Blakstad.

Med det til grunn har leiinga valt ut fem dokumentarfilmar laga av studentar som blir vist på Den Norske Dokumentarfilmfestivalen denne helga. Det er ikkje nødvendigvis filmar dei tilrår, understrekar Blakstad – men fem filmar som representerer ulike sjangrar.

LES OGSÅ: Dette må du få med deg frå Dokfilm-programmet

«Jakten på kroppsidealet», av Ingeløw Elise Kopperud og Susanne Sundbye
Meir enn halvparten av nordmenn trenar minst tre gonger i veka, og éin million har medlemsskap i eit treningssenter. Gjennom sosiale media er treningsresultata synlege overalt, og sunnheit er trendy. I denne filmen møter du Martine, som endra livet sitt gjennom trening, Jørgine, den funky treningsmammaen, og fitnessutøvaren Stine Marie som bur seg til konkurranse. Korleis påverkar treninga kvardagen, og korleis merkar ein treningspresset?

Filmen er laga av studentar ved Høgskulen i Volda, og er masteroppgåva til Kopperud og Sundbye. Den hamnar i sjangeren «infotainment» og balanserer med det mellom humoren og informasjonen heile vegen. Dette var også ein av dei største utfordringane i arbeidet, ifølgje filmskaparane.


Promobilete frå «Jakten på kroppsidealet»

«Kalde tanker», av Erlend Koppergård og Sara Wold
Halvparten av asylsøkjarane i Noreg slit med psykiske problem, fanga mellom ei traumatisk fortid og ei usikker framtid. Dei blir ofte isolert på landsbygda, mange utan rett til helsehjelp – og sjølvmordstala er usikre.

Dokumentaren gir eit innblikk i livet på Vangs asylmottak i Valdres, der asylsøkjarane lever med minna frå fortida og tankane om framtida. Koppergård og Wold studerer ved Høgskulen i Lillehammer.


Promobilete frå «Kalde tanker»

«A Place Good Enough», av Emilie Norenberg
Denne norsk/engelske filmen tek sjåaren med til Skåbu, den høgast liggande fjellbygda i Nord-Europa. 600 innbyggarar lever tett på naturen, med ein butikk og ein bensinstasjon i nærleiken. Filmen tek føre seg korleis dei brukar tida, kvifor dei har valt å leva som dei gjer, og korleis samfunnet utviklar seg i den vetle bygda det 80 prosent av innbyggarane seier dei er nøgde med tilværet.

Emilie Norenberg studerer ved The Arts University of Bournemouth. Filmen er tatt opp på 16mm film, noko som ga ekstra utfordringar for Norenberg i utvalet av historiar ho kunne fanga med kameraet.


Promobilete frå «A Place Good Enough»

«AFOL: Adult Fan Of Lego», av Joakim Ferdinand Simmons
I denne filmen møter me Cecilie, Hildegunn og Merete, som alle samlar på LEGO som vaksne menneskjer. Kva rolle har dei små brikkene i livet deira, og korleis fungerer lidenskapen?

Joakim Ferdinand Simmons går på Høgskolen i Lillehammer, ved avdeling for TV-fag. Han har sjølv vore interessert i LEGO lenge, også som ung vaksen. Filmen er regissert av Jørgen Egner Granerud, og blir vist første gong offentleg på Dokfilm.

Promobilete frå «AFOL: Adult Fan Of Lego»

 «Jakten på min humor», av Karen Houge
Tittelen skildrar innhaldet. Karen Houge vil finna ut kva humorsjanger som passar ho, og det vil ho finna ut ved å reisa til India med berre ein kameramann på slep. Saman med den indiske komikaren Kanan Gill skal eit humorshow snekrast saman på fire veker.

Karen Houge går på Westerdals, og har laga ein film om å laga film, på mange måtar. 

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE