Kritiserer iskant-framlegget

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Den nye iskanten til regjeringen er så til dei gradar på kanten med dei miljøfaglege råda og teikna opp på bestilling frå oljenæringa, seier Natur og Ungdom-leiar Arnstein Vestre i ei pressemelding.

LES OGSÅ: – Ligg unna iskanten!

Greenpeace saksøkjer
Miljøminister Tine Sundtoft (H) la i dag fram regjeringa sitt framlegg til berekning av kvar iskanten skal gå. Om framlegget får plass i den oppdaterte forvaltningsplanen for Barentshavet og Lofoten kan dei aller nordlegaste blokkene i Barentshavet tildelast.

Regjeringa vil trekkje iskanten der det er 30 prosent sjanse for isdekke i april månad.

– Eg har nettopp komme tilbake frå Polhavet og frå forskingsskipet Lance nord for Svalbard. Eg har fått oppleve kor fagleg grundig Norsk Polarinstitutt og internasjonale forskingsmiljø er og den tyngden dei legg i forskinga på klimaendringane, seier miljøministeren til NTB.

Framlegget er i tråd med det som tidlegare er varsla og baserer seg på tal frå Norsk Polarinstitutt. Polarinstituttet har på si side gått god for å flytte iskanten lenger nordover, men fraråda oljeverksemd ved 14 av blokkene som regjeringa lyste ut i konsesjonsrunden i januar.

Greenpeace har allereie varsla at dei førebur eit søksmål mot regjeringa for brot på miljøparagrafar i Grunnlova.

LES OGSÅ: Iskanten har krope mot nord

Bellona: – Lågmål
Arnstein Vestre fryktar at det snart kan verte opna for mykje risikofylt oljeleiting i nord.

– Miljøministeren verkar meir oppteken av å utnytta naturressursane enn å ta vare på dei, seier NU-leiaren.

Òg Bellona sin oljrådgjevar Silje Lundberg reagerer sterkt på behandlinga av saka.

– Det er absurd at ei norsk regjering overkøyrer alle vitskapelege råd, og lagar sin eigen definisjon av iskanten, kun for å tillate enno nordlegare leiteboringar. Tine Sundtoft freistar å bortforklara dette, men sanninga er at Stortinget aldri før har behanda kvar iskanten skal gå, kun brukt siste oppdaterte kunnskap, seier Lundberg i ei pressemelding.

Ho meiner miljøvernministeren bevisst manipulerer kunnskapen.

– Det er konsensus i norsk politikk om å ikkje tillate leiteboringar ved iskanten. Dagens vedtak i statsråd vitnar om et skittent spel der vitskapen blir forsøkt tilpassa politikken. Det er lågmål, meiner oljerådgjevaren i Bellona.