Etterlyser historier om abort

Anders Veberg
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Gøymd i skam for lenge

«For tre timar sidan stakk ho han inn i skjeden, tabletten som får musklane til å trekka seg saman, støyte fosteret ut med blodet. Varmt, størknande, raudt. Det stumme i det. Den ruglete, våte innsida mot fingeren. Den harde, glatte pilla. Det døyr i henne, løyser seg opp. Metall bak i munnen.

Ho lukkar auga. Livmora trekker seg saman, varmen og mørkret i rommet trykker mot brystet. Handa hans sval mot panna, han hadde alltid kalde hender, smaken av metall, ho stønner. Lukta av blodet, bindet i bøtta. Ho brekker seg».

Slik startar «I Ringane», romanen Kristina Leganger Iversen gir ut denne våren på Samlaget. 

– Det er klart det er vanskeleg og ubehageleg å skriva denne boka. Det er mykje smerte i ho, aborten er berre ein del av det. Jo er oppvaksen med mykje skam, med at ting skal gøymast bort, og boka er eit oppgjer mellom anna mot det. Derfor kunne ikkje aborten skrivast fram i eufemismar. I boka er det ikkje jordbærsaft som renner ut av kjønnsleppene. Det var viktig å skildra det så direkte som mogleg, og at ubehaget som finst der fekk koma fram, fortel Leganger Iversen.

Hovudpersonen Jo er ifølgje forfattaren sjølv ein underleg person som ikkje alltid har vore så heldig i sine relasjonar. Med aborten tek Jo kontroll over livet sitt, og det gjer at ho ser tilbake på livet sitt med nye auge.

Forfattaren sit på ein kafé på Grünerløkka i Oslo, og prøver å ikkje lata den sterke vårsola i auga plaga for mykje. Det er få dagar til sleppfest for «I Ringane». Det er den andre boka ho har skrive, og storparten av intervjua ho gjer om boka handlar om abort.

– Alle spør kvifor eg har skrive om abort, det fenger journalistar. Men det er også ein oppvekstroman, og aborten inngår som ein del av ei større forteljing kjærleik og omsorg. Aborten kan bety at Jo sjølv ikkje vil bli mor enno, for å ikkje påføra nokon andre den oppveksten ho sjølv har hatt.

– Tek aborten for mykje merksemd?

– Eg trur ikkje det. Eg er interessert i å snakka om det, svarar Iversen kjapt.

Derfor skal me snakka meir om abort.

LES OGSÅ: Færre tenåringsabortar

Skamsnakk
– Det er ikkje ei forteljing om eit moralsk val, men den kroppslege erfaringa skal vera utgangspunktet. Det formar forståinga av livet ein har hatt, seier Leganger Iversen

– I den grad ein snakka om abort i den offentlege samtalen, handlar det om når det er rett å gjera det, når fosteret blir eit menneskje, eller den politiske diskusjonen rundt kvinner sitt val. Men korleis sjølve opplevinga er, blir lite diskutert. Det er eit farleg tema.

Det gjeld ikkje berre debatten, meiner ho. Også i kulturen, reklamar og i det private snakkar me for lite om abort.

– Korleis skal me snakka om eit tema som abort?

– Det kan ikkje eg bestemma, men helst på mange ulike måtar. Dei som har lyst kan fortelja om dei erfaringane ein vil. Ikkje berre i den offentlege samtalen, men også mellom folk. Døtrer kan spørja mødrer om dei har tatt abort utan at det skal vera skamfullt. Jenter skal kunne snakka om det i vennegjengane sine. Ein må ikkje, men det bør vera ein moglegheit.

LES OGSÅ: Vil førebygge valdtekter

Feminiteten
«I Ringane» tek føre seg problem som råkar kvinner på ein særeigen måte – men Leganger Iversen skriv ikkje berre for kvinner.

– Men eg er ei kvinne som skriver, seier Leganger Iversen.

– Kva kan menn få ut av denne boka?

– Eg trur ikkje på den premissen. Litteratur kan ikkje reduserast til innhaldet sitt. Eg har ikkje vore i krig eller drepe nokon, men det er erfaringar eg kan elska å lesa om, uavhengig kor nært det er mine eigne erfaringar.

Sjølv om historia blir mest knytt til kvinnelege erfaringar, er det også av nytte og interesse for menn, meiner forfattaren.

– Alle menn har eit forhold til kvinner. Dei har ei mor, kanskje ei søster, kanskje ein kjærast om dei er heterofile, dei får kanskje døtrer. Dette er situasjonar og val alle kvinner tenkjer over, og det pregar halve jordkloden. Det er relevant.

Spørsmålet om ein kan ta ein abort om det skulle bli aktuelt, meiner Leganger Iversen er stort og definerande. Ho hugsar at ho snakka med ein gut om kva som skulle skje om ho skulle bli gravid. «Du kan jo berre ta ein abort» var svaret – noko som fekk ho til å tenkje over korleis mange unge menn tenkjer at abort er eit sjølvsagt alternativ for unge kvinner som blir gravide.

– Som kvinne må ein forholda seg til ein del ting. Eg og alle veninnene mine har tenkt over det heilt sidan me gjekk i sjuandeklasse, og menstruerte for første gong – at me kunne bli gravide, og at det ikkje nødvendigvis var eit val me gjorde sjølv. Det er ein risiko.

LES OGSÅ: På den sikre sida

I tida
Feminismen har fått ein ny vind den siste tida. Rekordmange gjekk i 8. mars-tog i fjor, Feministisk Initiativ stiller til val til hausten, og emneknaggen #jegharopplevd kasta lys på ein dyster kvardag for mange kvinner i Noreg. Det er fleire som snakkar om det som tidlegare vart degradert til «kvinneproblem».

– Er det lettare å skriva denne boka i dag, enn for nokre år sidan?

– For meg har det sjølvsagt betydd mykje at eg til dømes har sett mange kunstnarar som har jobba med menstruasjonsblod dei siste fem åra. Det er ein storm av kvinner som gjer det, og dei får deg til å forholda deg til kroppen. Først reagerte eg, men så tenkte eg over kor vand ein er med å sjå så mykje blod. I filmar sprutar det overalt, men dette som kvinner blør kvar månad i 30 år blir heilt skjult.

– Korleis ønskjer du å påverka med boka di?

– Då eg skreiv tok eg eit oppgjer med ting eg sjølv tykkjer har vore skamfullt, nemlig den sårbarheita som kan følgje med det å vera kvinne. Men, når eg skriv tenkjer eg ikkje først og fremst på korleis den ferdige boka kjem til å påverke lesaren. Likevel håpar eg jo at nokon blir rørt av det eg skriv, og glad i det.

Kristina Leganger Iversen har tidlegare jobba som journalist for Framtida.no

LES OGSÅ: Alle fitter er like fine

Faktaboks

Kristina Leganger Iversen (fødd 1989)

Kjem frå Bergen, men er busett i Oslo

Har teke master i litteraturvitskap og er no stipendiat ved Institutt for lingvistiske og nordiske studier ved Universitetet i Oslo

Debuterte i 2011 med diktsamlinga «Hjartemekanikk» på Samlaget.