Den Norske Dokumentarfilmfestivalen startar torsdag, og sjølv om du ikkje er i Volda sjølv: Her er filmane du må få med deg frå festivalen.

Sidan 1997 har studentar i Volda arrangert Den Norske Dokumentarfilmfestivalen, eller Dokfilm. Kvart år er det ei lang rekke med aktuelle, populære, spesielle og engasjerande filmar på plakaten – og det er fort vanskeleg å gå seg vill i kva filmar som er dei viktigaste og beste.

Me inviterte festivalleiinga til å trekka fram nokre av sine favorittar – ei blanding av viktige, artige, stilfulle og populære filmar du bør få med deg frå årets festivalprogram.

Hilde Blakstad, ein av dei programansvarlege under festivalen, presenterer utvalet leiinga har komme fram til.

– Det er utfordrande å velja ut dei som er viktigast, kulast og best. Me ønskjer oss ein kommersiell festival der folk kan kosa seg med underhaldande filmar, men me føler også eit ansvar for å ta med dei smale filmane som modige filmskaparar satsar på. Nokre av desse blir ikkje vist så mange andre stader, og me ønskjer å støtta opp om dei som torer å satsa eksperimentelt, seier Blakstad, som understrekar at det var sterk usemje i panelet.

– Når det er sagt har me valt ut seks filmar med tema som eg trur kan freista unge folk, legg ho til.

Her er altså dei utvalde filmane frå årets Dokfilm – ei blanding av eksperimentelle, underhaldande og viktige dokumentarfilmar.

LES OGSÅ: – Det må vera lov å prøva å bli pappa

Idas dagbok, av August Baugstø Hanssen
– Filmen utforskar omgrepet videodagbok, og store delar av filmen er ting Ida har filma sjølv. Her får ein førstehands erfaring frå kvardagen med angst, og me får vera med Ida på festar som inneheld rus og kjensler. Ein «må-sjå» for alle som vil læra meir om kva ustabile psykiske lidingar eigentleg går ut på, og som vil bli kjend med ei herleg jente som byr på seg sjølv i alle fasettar, seier Blakstad, og kallar filmen sterk og trist.

I programmet står dette:

Ida er ei ung kvinne som kjempar med eit turbulent kjensleliv som fylgje av ei emosjonell ustabil personlegdomforstyrring. Dei siste åtte åra har Ida laga ei videodagbok for å strukturere tankane sine. Gjennom dagboka hennar får vi eit unikt innsyn til eit liv med angst, men også augeblink av kvardagssigrar.

Sjå trailer her:

I am Kuba, av Åse Svenheim Drivenes
– Her får me sjå kva resultat av økonomiske skilnader i Europa kan føra til for mange familiar. Ein film laga i rein observerande form, der me er fluge på veggen når tenåringen Kuba tek seg av heimen og vetlebror åleine. Ei rørande historie som er tankevekkande med tanke på situasjonen i Aust-Europa og arbeidskraft som blir flytta vestover, seier Blakstad. Denne filmen meiner ho er viktig.

I programmet står dette:

Kuba og Mikolaj’s foreldre har reist frå Polen for å jobbe i andre land. I am Kuba er ein oppvekstfilm som fylgjer Kuba (13) som vert gjeve ansvar for å passe på veslebror når mor og far er borte. Oppgåva er ikkje enkel når Kuba sjølv skal forholde seg til sine eigne bekymringar og utfordringar som tenåring.

Sjå traileren:

Ballettgutane, av Kenneth Elvebakk
– Ein veldig godt laga film, med nydeleg foto og fint visuelt utgangspunkt i ballettmiljøet som blir portrettert. Filmen tek vekk dei fordommane ein skulle ha mot gutar som driv med ballett, og viser fram spenninga og ambisjonane rundt det å ville få til noko veldig vanskeleg – å sjå gjennom som profesjonell ballettdansar, fortel Blakstad om Ballettgutane – ein observerande film av høg kvalitet, ifølgje ho.

Dette står i programmet:

Lukas, Syvert og Torgeir er tenåringar som står ovanfor sine første utfordringar i internasjonale ballettkonkurransar. Den Norske Balletthøyskolen er eit vidare mål. Lukas får tilbod om ein plass ved Royal Ballet School i London, utan ein gong å søke. I løpet av filmen ser vi gutane verte unge menn som ofrar festar og ungdomstid, for å oppfylle draumane sine.

Sjå trailer!

LES OGSÅ: Er ballet berre for jenter?

Bjørnøya, av Inge Wegge
– Årets snakkis innan kinodokumentarar. Eit veldig eksotisk innblikk i tre brør si eventyrreise til Bjørnøya ved Svalbard. Filmen har ein refleksiv «me lagar film om oss sjølv»-form som er morosamt gjennomført og er i det heile tatt utruleg spanande for alle for alle som vil vera med å oppleva livet på ei aude, men naturskjøn, øy. Her blir ein inspirert til å ta tak i sin eigen draum og berre hoppa i det. Brørne gjer også det bokstaveleg talt med paragliding og surfing det iskalde vatnet. Dette er ein moderne ekspedisjonsfilm, seier Blakstad.

Slik er Bjørnøya skildra i programmet:

Sjå føre deg tre brør som går på ski over eit snødekt og aude landskap. Dei dreg på kvar sin pulk, med surfebrett festa øvst. Snøføyka piskar dei i andletet medan dei set opp teltet dei skal bu i. Dei surfar bølgjer ingen har surfa før, omringa av isbjørnfare og primitive vilkår.

Sjå traileren her:

Den tilfeldige rockestjernen, av Leiv Igor Devold
– Ein film som leikar veldig med forma, men samstundes tek opp eit veldig kommersielt tema; historia bak Kaizers Orchestra, og ei reise i deira reise som eit av Noregs største rockeband, seier Blakstad. Ho legg til at filmen er spesiell og eksperimentell.

Dette står i programmet:

Helge har aldri drøymd om å vere rockestjerne, men som Omen vart han ein feira figur i Noregs mest spektakulære rockeband, Kaizers Orchestra. I filmen opplever vi Kaizers si historie gjennom Helge sine auge, og fantasi vert blanda med røyndom når Helge på ein av dei aller siste konsertane forsvinn inn i Kaizers si verd.

Sjå traileren her:

Camp solskinn, av Haakon Mathisen
– Bli med ein jentegjeng og deira gutekjennskapar på festivalopplevingar sett frå auga til livet i ein vamp, med filosofering over vaksen-framtida undervegs. Alle som har vore på eller vil reisa på festival kan få ein forsmak og nokre stalltips til korleis ein kan overleva og ha mykje moro når festivallivet opnar sansane, skriv Blakstad om filmen ho meiner er underhaldande og i feelgood-sjangeren.

Her er omtalen i programmet:

I Camp solskinn fylgjer fire ungdomar som campar på Hovefestivalen. Scena er den barnslege og bekymringslause festivalatmosfæra, kor livet er tilsynelatande enkelt. Men bak fasada skjuler det seg historier om korleis vi vert merka av livet. Kristin: «Hva er meningen med å leve hvis du ikke gjør noe av det du har lyst til?»

Sjå traileren:

LES OGSÅ: – Han har jo berre hiv

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE