50.000 elbilar i Noreg

Noreg har nådd måltalet for elbilar på norske vegar. No kan særfordelane forsvinna.

Andrea Rygg Nøttveit
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Stortingets klimaforlik inneber at elbilar skal ha særfordelar fram til 2017 – eller til det var elbilar 50.000 bilar på norske vegar.

I dag passerer Noreg det magiske elbiltalet, ifølge Norsk Elbilforening.

Det kan difor snart verte slutt på staten si subsidiering av elbilparken, melder NRK Buskerud i dag.

I revidert nasjonalbudsjett skal bilavgiftene, medrekna elbilfordelane, vurderast på nytt. Hans Andreas Limi, avgiftspolitisk talsmann for Frp på Stortinget, har tidlegare avvist ovanfor Finansavisen at det vert aktuelt å endra fordelane før 2017, men at momsfritaket då mest sannsynleg vert det første som forsvinn.

LES OGSÅ: Ingen kjøper like mykje elbil som nordmenn

Ferjefri og kollektivtrøbbel
I dag har elbilar redusert årsavgift og er fritekne frå moms, eingongsavgift, rushtidsavgift og bomavgifter. Elbilar køyrer òg gratis med ferjer og det er fleire økonomiske fordelar med å ha elbil i firmaet.

I tillegg har elbilane gratis parkering på dei fleste kommunale parkeringsparkar og kan lade gratis ved offentlege ladestasjonar. Dei kan òg køyre i kollektivfeltet, noko som skapar problem for bussane.

Nesten halvparten av den norske befolkinga irriterer seg over desse særfordelane, ifølgje ei undersøking gjort på oppdrag for If.

Særfordelane for elbileigarar kostar staten mellom tre og fire milliarder i året i tapte inntekter.