Hyllar heksene

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

 Forfattaren av «Ved porten til helvete. Trolldomsprosessene i Finnmark» seier det kan kallast eit kall for han å kome med historiene til heksene.

Det var på slutten av 1980-talet at gamle arkivsaker som handla om nordområda vart overførte frå Trondheim til Statsarkivet i Tromsø, der Blix Hagen då var tilsett. Han sat plutseleg med gamle rettspapir som ingen hadde sett på fleire hundre år, i hendene.

– Det eg las var brutalt og vanskeleg å forstå. Det høyrde til ei tid då ein verkeleg trudde på trolldom og svart magi, seier han til NTB.

LES OGSÅ: Inn i elden: Ei gripande bok

Kan bli film
Blix Hansen snakkar om hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet. Det tynt folka området lang mot nord vart sett på som porten til satans rike, og med uår og beinharde livsvilkår leitte ein etter syndebukkar. Heksejakta toppa seg i 1620– 1665.

– Eg kom fram til 138 reine trolldomsprosessar i perioden frå 1593– 1692. Lensrekneskap, justisprotokollar og saksdokument gir eit ganske nøyaktig bilete av det som skjedde, seier Blix Hagen.

No synest historikaren det er på tide at historiene til desse kvinnene kjem ut til allmenta. Det synest regissør Nils Gaup også.

– Ja, han har skrive eit manus om hekseprosessane i Finnmark. Eg har fått vere konsulent og synest manuset er svært godt, seier forfattaren.

LES OGSÅ: Samtidas trollmenn

Spegla folketrua
At det var kvinner som i størst grad fekk trolldomsskuldingar mot seg, er godt kjent. Ifølgje Blix Hagen var det mange kvinner frå Sør-Troms, Ofoten og Vesterålen, som følgde fiskarektemennene sine til Finnmark, som vart ramma.

Han har også lese seg fram til at fleire av dei dødsdømte kvinnene var kjende som såkalla kloke koner. I det eine augneblinken prøvde dei å lækje ei ku, men i neste augneblink vart det brukt mot dei.

– Den som kunne gjere godt kunne også gjere vondt, meinte ein, seier Blix Hagen, og kan fortelje at også seks jenter under 12 år vart offer for heksejakta.

Under tortur kom nokre av kvinnene med ganske ville og fantasifulle forteljingar som spegla folketrua.

Ei av dei første kvinnene som fanga merksemda til Blix Hagen var ei dame som budde i Aust-Finnmark og som (under tortur, må ein tru) fortalde at ho høyrde til eit organisert hekserike, som omfatta 96 kvinner.

– Dette skapte sterke kjensler og frykt i dei patriarkalske leirane, seier forfattaren.

LES OGSÅ: Vikingane brukte magi i krig

– Tøffe damer
Blix Hagen meiner dei heksedømte ofte var tøffe og ukonvensjonelle damer som ikkje lét ektemannen snakke på deira vegner.

– Dei stod opp for seg sjølve. Eg synest faktisk eg ser noko som liknar kvinneopprør i dette materialet.

Blix Hansen seier at dei mekanismane som slo til under hekseforfølginga på 1600-talet ikkje er eit tidsbestemt fenomen. Det handlar om å tru på konspirasjonar.

– Det finst liknande hekseforfølgingar, med like sterke religiøse overbygningar, også i dag – blant anna i Afrika, slår han fast. Og seier at også mobbing, trakassering og eskalering av hatstemning liknar.

– Difor ville eg også gå djupare inn i dette materialet og formidle det vidare. Det er blitt eit slags livsprosjekt for meg, eg har fordjupa meg i skjebnen til dei såkalla heksene i over 20 år.

Faktaboks

 Rune Blix Hagen (f. 1951) 

Er førsteamanuensis ved Institutt for historie og religionsvitskap ved Universitetet i Tromsø.

Han begynte med hekseforsking i 1994, og er spesialist på hekse- og trolldomsprosessane i tidleg nytid.

No kjem han med boka «Ved porten til helvete. Trolldomsprosessene i Finnmark» på forlaget Cappelen Damm.

Her fortel han om hekseprosessane i Finnmark på 1600-talet, som var ein av dei verste og mest brutale menneskeforfølgingane i Europa.

Nordområda vart sett på som porten til satans rike og over 90 menneske vart dømde til døden som trollfolk.

Det særeigne ved prosessane i Finnmark låg i omfanget, brutaliteten, innhaldet av djevellære i tilståingane og det samiske innslaget. Kjelde: Cappelen Damm. (©NPK)