Steinalderen kan få nytt liv

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først publisert i Avisa Nordhordland.

Det var historisk sus på steinaldermøtet på Manger like før påske. Mellom anna gav flintsmed og arkeolog Morten Kutchera tilhøyrarane ei svært engasjert innføring i dei mange og flotte funn som er gjort ved Fosnstraumen. 

– Det er flott om vi kan få bygt opp eit senter som formidlar denne spennande og unike historia og kystkulturen i Nordhordland, seier Kjell Isaksen frå Austrheim kyst og sogelag, ein av dei frammøtte på eit informasjonsmøte om formidling av steinalderen. Han trur det vil vera interessant både for strilar og tilreisande å få kunnskap om tida som oppstod då sien trekte seg tilbake. 

Riksantikvaren har utpeika Fosnstraumen som «kulturhistorisk landskap med nasjonal interesse». Men i denne omgang har det ikkje lukkast å få statlege midlar til eit forprosjekt for eit steinaldersenter. Det set ikkje nokon stoppar for planane, og fylkeskommunen har signalisert støtte til det vidare arbeidet med prosjektet.

LES OGSÅ: – Vikingar er superpop 

Har satsa tid og krefter
Eldsjelene bak eit steinaldersenter ved Fosnstraumen, fridykkar og pedagog Børje Møster og Morten Kutchera, ser absolutt eit potensiale for eit steinaldersenter i Nordhordland. Dei opplever betydeleg positivitet og støtte for ideen. Men utfordringa vidare er å skaffa midlar til ei slik satsing.

– Vi har alt satsa mykje tid og ressursar på desse planane. Vi vil stå på for å realisera prosjektet, men vi må tenkja breitt og ikkje gjera ei satsing for person-avhengig, seier Møster. Han trur at eit slikt senter vil bli ein turistattraksjon og ein formidlar av korleis dei levde i den eldste tida av vår kystkultur.

LES OGSÅ: Vikingkultur kan vera gull verdt 

Ein rik onkel?
– Skal det vera mogleg å få realisert eit steinaldersenter er det nødvendig at det offentlege, som fylkeskommunen, Museumssenteret eller universitetet går tungt inn, gjerne i kombinasjon med at betydelege sponsorar frå næringslivet blir med på laget, seier Møster. Han meiner eit steinaldersenter har potensiale og moglegheit til å bli eit nasjonalt kompetansesenter om steinalderen.

Møster og Kutchera driv aktiv formidling av steinalderen, mellom anna gjennom lokale steinalderdagar. Møster har bygt ein skinnbåt, som saman med ein steinalderlavvo kan utgjera første del av eit framtidig senter. Eit info- og visningssenter inngår som del av planane.

Målet er å skapa ein opp- levingspark etter mønster frå Danmark og andre stader i Europa. Børje Møster viser til at danskane har fått til ei god satsing på denne type formidling, og ser for seg at eit senter i Norge også kan skapa internasjonal interesse.

LES OGSÅ: Gull og perler i vikinggrava 

Opplevingsturisme
– Nordhordland har eit stort potensiale for opplevingsturisme. Ikkje minst Fosnstraumen har ei fantastisk historie å fortelja det moderne menneske, seier Radøy-ordførar Jon Askeland.

Det var rikeleg med fisk som gjorde at steinalderfolk slo seg til ved Fosnstraumen for om lag 10.000 år sidan.

– Vi må utnytta dei naturgitte ressursar som Fosnstraumen byr på, som kultur, sjøliv og båtliv. Det kan også skapa nye arbeidsplassar, og eit breiare spekter av arbeidsplassar i regionen, seier Austrheim-ordførar Per Lerøy.

LES OGSÅ: Leonardo DiCaprio vil laga vikingfilm 

Meir enn å overleva
Møster framhevar at det er eit aktivitetsbasert senter der liten og stor kan bu og leva som steinalderfolk, han ivrar for å få realisert. Senteret skal driva levande formidling av historia, gjennom eksperimentell arkeologi med opplevingar knytt til handverk, våpenbruk og mat.

– Vi har lett for å tru at dei var tilbakeståande og hadde nok med å overleva. Men dei kan ha vore eit overskotssamfunn med både god mattilgang og hatt eit godt liv som jegarar og fiskarar. Funn som er gjort tyder på at dei kan ha reist over lange strekningar med råvarer, og kanskje har dei hatt overskot til eit velutvikla liv. Det mest spennande er kanskje det vi ikkje veit, seier Møster.

 SVÆRT SPENNANDE: – Planane om eit steinaldersenter er svært spennande, synest Kjell Isaksen (t.v .) i Austrheim kyst-og sogelag. Til høgre Morten Kutchera, som er ei av eldsjelene bak planane, og som på informasjonsmøtet gav ei svært engasjert orientering om dei mange og rike funn som er gjort av busetjingar ved den fiskerike straumen.