For å bøte på dei synkande dåpstala inviterer Lademoen kirke i Trondheim til drop-in dåp 9. mai.

mm

– Kyrkja må stikke fingeren i jorda og tenkje litt nytt no. Me trur dåpen er ein fin ting å ha med seg i livet, og vil at terskelen for at folk vert døypt skal senkast. Difor arrangerer me drop-in dåp, seier sokneprest Stein Ellingard i Lademoen kyrkje til Adresseavisen, som først omtala saka.

Laurdag 9. mai klokka 12-16 ynskjer dei både store og små som vil døypast på under ein halvtime velkomen.  

I 2014 vart for fyrste gong under 60 prosent av norske nyfødde døypte. I fjor vart berre 58,9 prosent av borna døypt, noko som er ein nedgang på heile 3,1 prosentpoeng frå året før.

Fortset utviklinga i dette tempoet vil ein bikke under 50 prosent dåpsdel før det har gått fem år, viser tal frå Statistisk sentralbyrå (SSB).

Den norske kyrkja er uroa over utviklinga og lanserte i fjor denne smått absurde kinoreklamen for å bøte på dei dårlege tala:

Kinoreklame – Dåp from Fabel Media AS on Vimeo.

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

LES OGSÅ

ANNONSE