Tysdag kveld vart heimesidene til Den Norske Dokumentarfilmfestivalen hacka av nokon som utgir seg for å vera jihadist og å sympatisera med IS.

Det tok ikkje lang tid før festivalleiinga hadde fått kontroll over nettsidene igjen, men hackinga skapte likevel reaksjonar, skriv festivalen i ei pressemelding.

– Min fyrste reaksjon var mest av alt prega av forvirring, men me gjekk raskt inn i problemet og løyste det, skriv Guro Sollie Hansebakken, leiar for Den Norske dokumentarfilmfestivalen, i ei pressemelding. Ho kallar angrepet alvorleg og skremmande.

LES OGSÅ: Kva er eigentleg IS?

Hansebakken og leiinga er ganske sikre på at hackeangrepet mot Dokfilm er tilfeldig. Også i helga hadde festivalen problem med nettsidene sine – og leiinga trur det kan vera ein samanheng.

– Me har hatt problem med angrep på nettsida tidlegare i veka, og måtte derfor oppdatera nettsida. Det var ein sikkerheits-plugin som me ikkje rakk å oppdatera før angrepet kom. At me vart angripne var mest truleg fordi me ikkje hadde denne pluginen på plass tidleg nok, seier Hansebakken.

No er nettsidene tilbake på plass, men Hansebakken seier at festivalleiinga vil rådføra seg med politiet om kva dei bør gjera vidare. Hovudfokuset er likevel på å gjennomføra festivalen, som opnar neste torsdag, 23. april.

Denne historia vart opningsfilm under Dokumentarfilmfestivalen

Oppdatert: onsdag 24. mai 2017 16.00

Kommentarar

ANNONSE