– Politiet kastar murstein på barn

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først hos Universitas, og er omsett til nynorsk av Framtida.no

– Me vaks opp med så lite vatn at me heile tida måtte vurdera om me skulle drikka vatnet eller bruka det til å vaska oss. Det verste er at vatnet ikkje ein gong er bra for helsa, seier masterstudenten Asria Taleb Mohamed, som er fødd og oppvaksen i ein flyktningleir i Vest-Sahara.

Måndag kom ein ny rapport frå Studentane og akademikarane sitt internasjonale hjelpefond (SAIH) om brot på menneskjerettane i dei okkuperte områda i Marokko. Leiar for SAIH-Blindern, Martine Jahre, har nyleg komme tilbake frå Vest-Sahara.

– Me har dokumentert nesten 300 brot på menneskjerettane det siste året, seier ho.

Jahre fortel at ein må rekna med å bli banka opp om ein deltek i ein demonstrasjon i dei okkuperte områda i Marokko.

– Dei kastar murstein på barn. Berre å ha med seg eit saharawisk flagg kan føra til arrestasjonar eller at uniformert politi kastar stein på deg.

I samband med den politiske kampanjeveka til SAIH har dei laga ein flyktningleir på UiO måndag og tysdag. Der deler dei ut marokkansk gryterett og informasjon om Vest-Sahara.

LES OGSÅ: Folket som ventar

Ei gløymd konflikt
Asria Taleb Mohamed er ein av få flyktningar som har fått visum til Noreg. Ho er no på det siste semesteret av masterstudiane, og blir mest truleg sendt tilbake til leirane når studentvisumet har gått ut. Ho er frustrert over kor lite folk veit om landet hennar.

– Eg studerer media, og sjølv medstudentane mine har ikkje høyrt om konflikten mellom Vest-Sahara og Marokko. Når eg reiser rundt spør folk meg om Vest-Sahara i det heile er eit land. Eg blir trist av tanken på at folk ikkje veit at me eksisterer. Sjølv ikkje på universitetet, seier ho oppgitt.

I 40 år har saharawiane budd i flyktningleirar i Algerie. Dei er heilt avhengige av humanitær nødhjelp frå FN for å overleva.

– Me er 165 000 flyktningar som kjem frå eit av dei landa i verda med mest fisk, og så får me makrell på boks produsert i Kina, betalt av svensk bistand. Me lever på nåde frå givarane, fortel ho.

LES OGSÅ: – Stans oljeleitinga utanfor Vest-Sahara

Er ikkje prioritet før valden bryt laus
For 40 år sidan sette FN og Spania i gang avkolonisering av Vest-Sahara. Dette vart stoppa av nabostatane Mauritania og Marokko. Krava dei sette fram vart rekna som grunnlause av den internasjonale domstolen i Haag. I dag reknar me Vest-Sahara som den siste kolonien i Afrika.

– Det som skjedde i 1975 var eit brutalt overgrep mot folkeretten. Og mot eit lite folk med soleklare rettar i ryggen. Trass i dette har ikkje det internasjonale samfunnet gått hardt ut for å tvinga den attverande okkupasjonsmakta ut av Vest-Sahara, seier dagleg leiar av Støttekomitéen for Vest-Sahara, Erik Hagen.

Hagen meiner konflikten i Vest-Sahara handlar om prioriteringar, men at verken regjeringar eller FN sitt tryggingsråd har prioritert saka.

– Rettane til folket må takast på alvor sjølv om dei ikkje brukar vald. Me kan ikkje venta med å prioritera dette til det bryter ut ny uro.

LES OGSÅ: Ungdomspolitikarar kasta ut av Vest-Sahara

– Brende bør bruka Høgre-retorikk
Jahre er nøgd med innsatsen til utanriksministeren så langt.

– Børge Brende har gjort mykje meir enn det Jonas Gahr Støre gjorde då han var utanriksminister, seier ho.

Leiaren av Støttekomiteen for Vest-Sahara skryt også av Brende, men oppmodar han til å gå endå lenger.

– Ved fleire høve har Brende tatt opp dei grunnleggande rettane til saharawiane. Det skal han ha honnør for. Ytringane hans er både tydelege og kritiske. Når det er sagt, håpar me Brende held fram i Høgre sin tradisjon, frå sist gong dei sat i regjering, å konsekvent omtala Marokko sin posisjon i Vest-Sahara med folkerettslege termar som okkupasjon og anneksjon, seier Erik Hagen.

For det er jo ikkje noko tvil om at når eit land sine militære styrker står utplassert på eit landområde som ikkje er deira eige, og i strid med folkeretten, så er det okkupasjon, legg han til.

I 2011 jobba Universitas-journalisten som engelsklærar i dei saharawiske flyktningleirane i Algerie.

LES OGSÅ: Dannar vennegruppe for Vest-Sahara