Er framleis på slagmarka kvar dag

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

På slagmarka kvar dag

Intervjuet var først i Avisa Nordhordland

9. april 1940 er John Pettersen frå Radøy om bord i skipet M/T «Hallanger» på veg frå Yoko- hama til San Pedro, etter å ha levert olje. Alle om bord vart lamslått då dei fekk høyra nyheita om at tyskarane hadde gått til åtak på fedrelandet deira. Hendingane der førte til at Pettersen bestemte seg for å verva seg. Det valet førte til at han fekk med seg nokre av dei heftigaste kampane som var under andre verdskrig.

– Då eg gjekk i land i San Pedro, tok bussen til New York, der eg hadde ei tante og ein onkel, og melde meg til teneste i den amerikanske hæren. 

Eg sa til dei, «ta meg når de treng meg», seier han til avisa Nordhordland.

Test deg sjølv: Kva kan du om krig?

Det skulle gå tre år, men i mai 1943 fekk han beskjed om å melda seg. Han gjer som han får beskjed om, og tek subwayen til Long Island, der Camp Upton var.

Etter å ha fått uniform og naudsynte sprøyter var det å reisa til Camp Hale i Colorado, der han skulle tenestegjera i 99th. battalion, ein bataljon som bestod av nordmenn og etterkommarane etter nordmenn.

– Ein måtte beherska norsk for å få vera med. Men det gjorde ikkje alle, men dei hadde norske namn og var pene, blonde gutar, fortel han.

Treninga var knallhard, men alt etter nokre månadar vart dei skipa til Europa. Fyrst til Skotland for meir trening, før dei vart sendt i kamp. 

LES OGSÅ: Ungdommen i Meland hadde planane klare for korleis dei skulle skamklippa tyskartøsene

Pettersen var med på åtaket på Normandie, om enn ikkje i den fyrste bølga. 

– Det fyrste som møtte oss på stranda var fullt av kors etter dei falne, seier han.

Han gjekk i land på den etter kvart så berømte Omaha beach. Medan hovudstyrken hadde full fart mot Cherbourg, fekk Pettersen sin bataljon i oppdrag å reinska ut dei lommene med motstand som framleis var der. 

99th. bestod av rundt 1000 mann og var med på nokre av dei kraftigaste slaga som var i Europa under krigen. Dei kjempa i både Frankrike, Belgia, Nederland og Tyskland. Dei miste over 50 mann. og fleire hundre vart skadde i løpet av kampane. 

Eit av dei slaga Pettersen hugsar best er kam pane om den franske byen Elbeuf, eit av slaga i kampen om Vestfronten. Det var harde kampar, og amerikanarane leid store tap. Tyskarane fekk stadig inn presise treffarar, som mellom anna tok ut deler av hovudkvarteret til 99th. Det viste seg at dei hadde ein observasjonspost i eit kyrkjetårn, som kunne gje dei all den informasjonen dei trong.

LES OGSÅ: – Eg har vore veldig spent på denne dagen og har ikkje hatt blund på auga i natt

Men det var ikkje over med det. Det verste slaget stod igjen. Ardennaroffensiven. Ardennaroffen-siven starta i desember 1944, og dette var den siste tyske offensiven på Vestfronten under verds- krigen, der tyskarane ville dela dei allierte styrkane i to, for å tvinga fram ein fredsavtale. 

Tusenvis av soldatar mista livet på begge sider.

– Me kjempa frå 16. desember 1944 til 18. januar 1945. Me låg ute under presenningar, og vart til slutt beordra ut av legane, fortel han. 

Pettersen var sniper i bataljonen, kjent for å vera ein av dei mest krevjande stillingane ein kan ha i forsvaret. Men moderne oppfinningar som kikertsikte var han ikkje så glad i.

– Eg la det ofte vekk, fortel han.

Grunnen er at med siktet på, kunne han berre lada eit og eit skot. Men utan, fekk han bruka magasin med fem skot i.

– Ein gong hadde eg fått til oppdrag å passa på fleire krigsfangar. Det dei ikkje visste var at eg berre kunne treft ein av dei om dei prøvde seg, seier han og ler.

LES OGSÅ: – Når eg reiser herifrå skal dei også få medaljane mine

99th. vart oppretta for å verta sett inn ved ein eventuell invasjon i Noreg, og den 4. juni 1945 kom dei til Oslo. Jobben deira var å vera med på avvæpninga av dei over 350.000 tyske soldatane som var i landet. Då fekk Pettersen og tid til å gjera noko han hadde starta på i 1939.

– Før eg for til sjøs, trulova eg med Astrid. Og ho måtte venta i over seks år på meg, fortel han.

Han fekk krangla til seg åtte dagars permisjon, så han kunne koma seg til Radøy og få gjort det han måtte. Same haust vart bataljonen hans skipa tilbake til USA. 1. november kom dei til Boston. 

– Korleis har tida etter krigen vore for deg?

– Det har gått bra. Men eg har det her alt saman, seier han og peikar på panna.

– Eg er på slagmarka kvar dag. Dei tankane kan du ikkje viska vekk. Eg ser alt for meg, seier han.

– Plagar det deg?

– Nei, ikkje så mykje, får eg seia. Men det er no i tankane mine, seier han. 

LES OGSÅ: Då Ingeborg vinka til tyskarane, starta bygdesnakket.

Pettersen er dobbelt statsborgar, og til liks med Ingeborg Skagenes, er han ikkje imponert over korleis myndigheitene behandlar sine krigsheltar.

– Noreg har ikkje gjort noko for meg, hevdar han. 

– Men du veit, eg er jo amerikansk. Men dei har meg jo i papira sine, seier han.

– Føler du at du har fått meir heider frå USA enn Noreg?

– Eg har ikkje fått noko heider frå USA heller. Eg vart sett på gata då bataljonen vart oppløyst. Kva skulle dei vel gjera med fleire millionar mann, spør han.

LES OGSÅ: Heidra 70 år for seint

Som krigspensjon fekk han 20 dollar i månaden i eit år. 

– Eg henta ut noko av det, men eg fekk meg snart jobb som snikkar, seier han.

Kona Astrid kom snart over, der skipa dei familie og fekk to barn saman. I 1953 flytta kona og barn til Radøy og i 1956 kom John etter. Der livnærte han seg som buss-sjåfør. 

20. april fyller John Pettersen 100 år.