Går imot ferjefri E39

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Saka var først i Bladet Sunnhordland

I eit debattinnlegg på bt.no skriv fleire representantar i Miljøpartiet Dei Grøne (MPG) at ei gigantisk satsing på motorvegar og fjordkryssingar på Vestlandet er lite framtidsretta og uforsvarleg politikk, både av miljømessige og økonomiske omsyn.

LES OGSÅ: Fryktar ikkje prisauke

Partiet vil heller satsa meir på kollektiv trafikk, blant anna lyntog som kan knyta både Bergen, Haugesund og Stavanger saman i ein felles trasé vidare til Oslo.

Partiet meiner og at dei neste åra bør brukast til å kartleggja mogelegheitene for eit framtidsretta togtilbod på Vestlandet utan uakseptable naturinngrep.

LES OGSÅ: Satsar på grøne veljarar