– Eg blei ikkje redd. Eg blei trassig

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

– Ikkje redd. Eg blei trassig

Artikkelen var først i Vest-Telemark Blad, og vart skriven i 2012. Den er trekt fram sidan det er 75 år sidan tyskarane invaderte Noreg 9. april 2015.

Det er tidleg morgon 5. mai 1940, dagen etter trefningane ved Leirli bru i Åmot. Tyskarane har forsert den siste skansa i Sør-Noreg – vesttelane har til slutt måtta gje etter, dei òg. Jens Ringhus frå Åbø i Vinje er 18 år gamal, og har engasjert seg som motstandsmann. Men han og andre i den sivile rørsla har ei tid vore permitterte frå vakthaldsoppgåvene sine. Og denne dagen er det dessutan dei tyske soldatane som har overteke makta.

Det hadde ingen trudd før krigen starta.

– Ingen trudde dei kom til å koma hit. Det gjekk jo så godt førre verdskrigen. Men etter kvart skjøna me at det nærma seg krig også her.

Test deg sjølv: Kva kan du om krig?

«No er det krig i Noreg»
La oss starte med byrjinga: 9. april reiser Jens og fleire andre i skogen for å arbeide. Brått høyrer dei lydar i det fjerne, som minner om torevêr. Men dei skjønar at det ikkje er det. No er det i gang.

– Ein av naboane, Ånond Brekke, kjem springande og ropar lenge før han er framme: «No er det krig i Noreg!» Det blei ikkje meir arbeid den dagen.

Dei reiser heim og slår på radioen. Der høyrer dei ei stemme dei etterkvart skal lære å hate.

– Nazistane hadde overteke NRK. Den fæle stemma til Quisling kom gjennom radioapparatet.

Tyskarane møter liten motstand i og rundt hovudstaden, bortsett frå senkinga av Blücher i Oslofjorden. Mange stader overgjev dei seg utan kamp. På Heistadmoen legg befalet ned våpna, likeeins på Evjemoen. Men ein av offiserane på Heistadmoen, Thor Hannevig, nektar å gje seg utan kamp. Han stel ein lastebil som han fyller med våpen og soldatar, og legg i veg mot Vinje. 10. april kjem dei hit og slår seg ned på Vinjar.

– Lensmannen og 60 år gamle Knut Tonna, litt av ein krigar ser du, reiste rundt og mobilserte. Me meldte oss, eg og dei to eldre brørne mine, Asbjørn og Gunnar. Me møttest alle saman i Åmot den kvelden, og sov i matbrakka på saga. Dagen etter reiste Tonna’n og eg og rekvirerte plass på nye Vinje hotell. Så gjekk me på Samvirkelaget for å skaffe forsyningar. Pengar hadde me ikkje, så Tonna’n sa dei måtte skrive det på London bank. Han rekna med at engelskmennene kom til å koma, smiler Jens.

Ei vekes tid går Jens og dei andre vakt i Åmot sentrum og kontrollerar dei som kjem forbi. Men av ulike årsaker, mellom anna ugreie mellom Tonna og Hannevig, blir dei permitterte, og det blir sett opp telefonvakt i staden.

«Brått er det fullt av nazistar rundt meg»
Om ettermiddagen 27. april skjer det. Hannevigs menn ligg klare ved Åmot bru og ventar på tyske styrkar dei veit er på veg. Tyskarane blir tekne på senga og tapar kampen. Men dei gjev seg ikkje så lett.

Det blir eit hardt, langt og intenst slag. Seint på kvelden innser nordmennene at dei ikkje kan vinne, og trekkjer seg tilbake.

Og no er me tilbake der historia starta. Det er tidleg morgon dagen etter kampane, og Jens er på veg for å skaffe høy til hesten på Groven. Dessutan er han nok spent på korleis det ser ut nede i bygda dagen etter kampane.

– Når eg kjem til Groven er det brått fullt av nazistar rundt meg. Eg hadde ikkje sjans til å flykte.

Saman med åtte andre blir Jens teken til fange. Han er yngst, den eldste er 69 år gamal. Framfor geværløp med bajonettar på må dei marsjere ned til Åmot.

– Den eine soldaten hadde ei kake han hadde stole, frampå bajonetten. Eg kjende att kaka med det spesielle mønsteret, det var Gro Ringhus som hadde baka ho.

Fangane blir førd ned til hotellet og stilt opp der. Det viser seg at eit lite tysk fly har floge over Åmot og fylgd med då kampane gjekk føre seg. Dei som sat i flyet hadde då observert ein person som hadde kasta uniformsjakka og rømt av garde i lusekufte. Dermed kunne dei tyske soldatane påstå at sivile hadde delteke i kampane.

– Når sivile deltok i kampane, skaut dei sivile gissel som straff. Borti Haugsbygda skaut dei ti stykk slik, fordi sivile var med i kampane.

Ubevegelege fjes under hjelmane stiller opp gisla på rekke utanfor hotellet.

– Ein skulle tru ein blei så redd at ein blei nummen. Men eg blei ikkje redd der og då. Eg blei trassig. Tenkte «det var då som berre at eg ikkje har fått gjort kål på nokon av dei».

LES OGSÅ: 9. april – dagen som endra Noreg

«Den bikkja blei ikkje gamal»
Fangane blir jaga i springmarsj opp til Vonheim, eit ungdomshus oppe i bakkane forbi der Esso ligg i dag. Der får Jens og dei andre kvar sin feltspade i hendene. Grav, er beskjeden dei får. Heile dagen står dei der og grev. Grøfta blir større og større, og Jens tenker at det er si eiga grav han grev.

Hunden på Groven er glad i Jens, og har fylgd etter han heile vegen ned til Åmot. No står han og fylgjer med på dei som grev.

– Men grovebikkja var så galen på motorsyklar. Så då det kom ein tysk ordonnans på motorsykkel, flaug ho på han og reiv og sleit i buksebeinet. Den bikkja blei ikkje gamal …

Tyskarane mistenkte at bikkja var Jens si, og beordra han til å ta den daude bikkja med ned i skogen.

– Då tenkte eg mitt – og lura på om dei kom til å ta livet av meg også, som straff for bikkjeangrepet.

Men det blei ikkje noko meir av det. I staden måtte dei forsetje å grave med feltspadane. Klokka ti på kvelden var grøfta halvannan meter djup, fem meter lang og fire meter brei. Og fangane er aldeles utslitne.

Heimefrontsoldatar utanfor Vinje Hotell. Biletet er henta frå Vinje historielags bok «Vinje i gamal og nyare tid», der ein kan lesa meir om desse hendingane i kapitlet «Krigshandlingane i Vinje i 1940», skriven av Herman Henrikssveen.

Ein slitsam tur
Det er ikkje si eiga grav fangane grev. Dei blir sendt inn på hotellet, og får endeleg i seg litt mat etter 13 timar utan. Ein austerrikar forbarmar seg over fangane og gjev dei varm suppe. Då ser Jens at tyskarane kjem berande på kistene med tyske soldatar, drepne i kampane ved Leirli. Det er desse som skal ha grava.

Den natta må Jens og dei andre sove i garasjen der kistene har stått. Golvet er blodig og karane frys, sveitte som dei er. Jens kjem godt i hug korleis føtene kjentest heilt oppsvulma og vasstrekte nede i støvlane. Og verre skulle dei bli.

Dei norske fangane blir dagen etter sett på ein lastebil, der tanken er at dei skal vera levande skjold. Tyskarane veit enno ikkje at Hannevig har gjeve seg, og det veit heller ikkje Jens. Dei ser for seg at dei kjem til å hamne midt i eit kuleregn. Men det skjer ikkje.

Kursen er sett mot Bøgrend og Vinje, men vegen er sperra fleire stader og fangane blir sett til å rydde. I Bøgrend overnattar dei, nok ein gong tett saman for å halde på det vesle som finst av varme i kroppane. Morgonen etter kjem austerrikaren att. Denne gongen med litt kandissukker og anna han har naska til seg for å gje til fangane.

Ferda går vidare mot Vinjesvingen neste dag. Det er framleis lastebilen med dei norske fangane som køyrer fyrst i fylgjet. Etter kvart merkar dei at tyskarane ikkje lenger er like mykje på vakt, og funderar på om noko kan ha skjedd. Det har det. Tyskarane har funne ut at det ikkje blir fleire slag i Vinje, at nordmennene har gjeve seg. Dermed har dei fått ordre om å sleppe fangane fri.

LES OGSÅ: Måtte henta dei døde

Mareritt i mange år
Etter kvart får fangane gå. Dei legg i veg til fots mot Åmot – ein tur som kjentest i føtene etter å ha hatt på seg våte støvlar tri dagar i strekk. Men humøret er likevel godt blant dei frisette fangane.

Heime på Ringhus er familien til Jens sikre på at han er drepen.

– Veslebror min Eivind på 16 fortalde meg seinare at han berre gjekk og tenkte på korleis han kunne hemne seg.

Men det slepp han. Jens kjem heim att, til stor glede for alle saman, med føter som må bindast opp etter at dei er nesten øydelagde av opphaldet nede i støvlane.  

Jens engasjerte seg seinare i motstandsrørsla, og då krigen var over meldte han seg frivillig til å vakte på tyskarane som var tekne til fange. Rollene var bytta. Men alt dette er ei anna historie me kan fortelje ein annan gong.

Det er ikkje mange år sidan 90 år gamle Jens slutta å ha mareritt om nettene, om at han hadde tyskarane etter seg. Å vera så innstilt på å døy, gjer noko med ein. Sjølv om ein ikkje er redd når det skjer, kjem det etterpå.

– Somme får det før, andre får det midt oppi, og andre får det etter at det er over. Men alle blir redde.

Denne saka blei publisert i VTB 1. september 2012. Jens Ringhus døydde i oktober 2013. Han var artikkelforfattarens grandonkel.

LES OGSÅ: Tvillingane som var «brevduer» for heimefronten