9. april – dagen som endra Noreg
Akershus festning, Eidsvolls plass ved Stortinget og Elverum folkehøgskole er tre av fleire symboltunge stader i landet der det 9. april blir markert at det er 75 år sidan Tyskland invaderte Noreg.
Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.
Utan varsel gjekk tyske krigsskip inn i norske hamnar og tyske fallskjermjegerar dalte ned over strategiske flyplassar om morgonen 9. april for 75 år sidan. Markeringa av dei dramatiske morgontimane som innleidde fem lange krigsår for Noreg, startar kl. 9 på Akershus festning, der kong Harald legg ned krans ved nasjonalmonumentet.
Også statsminister Erna Solberg vil vere til stades, mens stortingspresident Olemic Thommessen skal halde ein tale til minne om det som skjedde denne aprildagen for 75 år sidan.
Test deg sjølv i krigs-quizen vår!
Utstillingar
Også resten av dagen blir prega av markeringa. Kl. 9.30 skal forsvarsminister Ine Eriksen Søreide opne den ferske utstillinga til Forsvarsmuseet «62 dagar – kampen om Noreg», før ho hastar vidare til Oscarsborg for tale og kransenedlegging kl. 10.
Thommessen skal også halde tale og legge ned blomster på Eidsvolls plass framfor Stortinget. Etter det opnar Stortinget ei ny utstilling i Eidsvollssalen med unike bilete frå flukta til kong Haakon og regjeringa i april 1940.
Fleire av bileta er aldri tidlegare publisert.
Markering på Elverum
Torsdag kl. 18 held Stortinget si offisielle markering i Storsalen på Elverum folkehøgskole. Her samla Stortinget og regjeringa seg om kvelden 9. april 1940, og vedtok den såkalla Elverumsfullmakta, som gav regjeringa generell styresmakt til å ta avgjerder og ta vare på Noregs interesser under krigen.
Den originale Elverumsfullmakta vil vere plassert i «Kongerommet», som er sett i stand på folkehøgskulen i samband med innspelinga av filmen «Kongens nei».
Også rundt om i landet, mellom anna ved Oscarsborg festning i Drøbaksundet, vil det vere fleire ulike markeringar torsdag. Festninga held «ope hus» med program heile dagen. (©NPK)
Faktaboks
Slik var den tyske okkupasjonen:
9. april 1940, under andre verdskrigen, gjekk tyske troppar til åtak på Noreg og Danmark i ein aksjon med kodenamnet Operation Weserübung.
Danmark innstilte motstanden etter under to timar. Kampane resulterte i 16 falne på dansk side og 203 på tysk.
Tyske styrkar aksjonerte natt til 9. april mot Moss, Oslo, Horten, Arendal, Kristiansand, Egersund, Stavanger, Bergen, Trondheim og Narvik, mot alle festningsverk langs kysten og flyplassane Fornebu og Sola.
Statsminister Johan Nygaardsvolds regjering avviste eit tysk ultimatum om norsk overgjeving.
Norske styrkar på Oscarsborg festning søkkte den tyske kryssaren Blücher i Drøbaksundet. Det forseinka ilandstiginga i Oslo og gav kongen, regjeringa og Stortinget tid til å rømme til Hamar, og deretter Elverum der Stortinget heldt sitt siste møte om kvelden 9. april.
Det gjekk ikkje ut mobiliseringsordre, sidan det var avgjort å mobilisere via posten. I staden var det eit spontant oppmøte av våpenføre menn.
Situasjonen tilspissa seg same kveld då Vidkun Quisling fekk tilgang til NRK radio og erklærte seg sjølv som statsminister.
Kuppet gjorde i praksis slutt på moglegheita for å kunne forhandle fram ei løysing. Den same dagen avviste Kong Haakon VII eit tysk ultimatum om at han måtte godkjenne Quisling som statsminister.
Kampane i Noreg varte til 10. juni då dei norske styrkane kapitulerte etter at dei allierte styrkane som var sendt til Noreg var trekt tilbake som følgje av den tyske invasjonen av Frankrike.
Felttoget kosta 4.400 britiske, 1.335 norske, 530 franske og polske og 5.000 tyske soldatar livet.
Kongen og regjeringa gjekk i eksil i Storbritannia. Den tyske okkupasjonen av Noreg varte fram til 8. mai 1945.