Naken-sensasjon i Gulen

Framtida
Publisert
Oppdatert 24.05.2017 16:05

info

Denne artikkelen er eldre enn 1 år gamal. Det betyr at noko av informasjonen kan vere utdatert.

Denne har du aldri sett i Noreg før

Saka var først hos Avisa Nordhordland

Dei siste sju åra, har dykkarar og forskarar funne over 70 ulike artar på havbotnen utanfor Dalsøyra.

– Ikkje i tvil
Det skal vera rundt 95 typar nakensneglar langs norskekysten, men etter det siste dykkarsafariet vart det oppdaga to nye artar, som aldri er sett i Noreg før. Deira latinske namn er Doto maculata og Doto dunnei, og er tidlegare kjente frå mellom anna britiske farvatn.

LES OGSÅ: Har du sett på maken!?

Ein nakensnegle er ein type marine sniglar som ikkje har sniglehus.

Den nord-irske nakensnegleeksperten Bernard Picton, kurator ved National Museums of Northern Ireland i Belfast som var til stades på nakensneglesafarien, var ikkje i tvil da de bitte små dyra kom til syne i stereoskopet.

Bernard Picton har forska på nakensnegler i nærmare 40 år, og har svært god kunnskap om de kryptiske artene i Doto-familien. Han har publisert ei bok og ei rekke vitskapelege rapporter om nakensnegler, og har til og med vore med på å beskrive ei ny Doto-art tidlegare – Doto hystrix.

LES OGSÅ: Spansk TV-team filma Gulen under overflata

Heilt ny art for vitskapen
Nakensneglesafariet utanfor Gulen har no vorte arrangert i ei årrekke, og der møtes dykkarar, undervassfotografar og andre interesserte frå heile Europa til ein tredagars workshop for å leita etter nakensneglar og læra meir om artsavgjerd, biologi og levesett. 

På årets safari vart det funne 43 artar, og det er altså gjennom åra funne til saman 70 ulike artar på havbotnen, noko som skal vera unikt for Noreg.

Fleire nye artar for Noreg er oppdaga der, og forskarane jobbar no med å skildra det som etter alt sannsyn er ein heilt ny art for vitskapen. 
LES OGSÅ: Til topps med undersjøisk miljøsuksess